mandag 15. september 2014

Haustkveld i Jetta

Sommaren vil ikkje gje seg, sola varmar fortsatt om dagane. Kvar dag. Hausten syner seg mest om natta og om morgonen, med fuktig luft og skodde, fram til sola varmar det heile opp.

Det er fredag ettermiddag i midten av september. Eg pakkar teltet, soveposen og liggeunderlaget, niste til Solan og meg, termos og strikketøy. I femtida køyrer vi opp i Jetta. Ruslar i ti-femten minutt, til eg ser mot Finndalen mot nordvest. I aust stikk tårnet på Blåhø opp, og til høgre står Skagsnebb og kikar ut over Vågå og Ottadalen.

Teltet blir sett opp på eit kvitt teppe. Her oppe er bakken dekt med kvitkrull og kjerr, rundt ikring ligg større steinar, fine å sette ryggen mot når ullundertrøya skal strikkast og sola fargesprakande skal avslutte dagen. Det er berre å sette seg til rette å vente. Nokre omgangar med rettstrikk, Solan får kose seg med kvalkjøt, og saman ser vi at sola går over Skaihøe og senker seg ned - akkurat over Finndalen. Himmelen er skyfri, og solstrålene har ikkje mykje å spele på. Desto meir konsentrerte blir fargane, og med eitt er det slutt - sola er borte bak fjella. Klokka er halv åtte.

Solan får overnatte i teltet saman med meg, og er tilfreds med det. Natta er prega av hektisk aktivitet utanfor teltduken, to ryper har det travelt og skravlar jamnt og trutt i lengre tid. Om morgonen åler Solan seg nesten ned i soveposen min. Dette er kvalitetstid, og han er synleg blid. Kvart over seks er vi ute, vi ser skodda som ligg slørete i terrenget, og månen som står høgt på himmelen i sør. Det er enda ei stund til sola kjem opp over Jetta. Inn i teltet att, må skunde meg å slappe av når eg fyrst har heime- og barnefri! Kondensen gjer at dråpane heng i telttaket. Etter ei stund med døsing ser eg at teltet lysnar opp. Eg opnar glidelåsen i teltet, og i aust karrar sola endeleg seg opp over Jetta.

Ved ellevetida morgonen etter er vi nede i bygda att. Det treng ikkje vera meir enn dette, ein kveld, ei natt og ein morgon i friluft, og vips, så er eit nytt turminne i boks!

Kveldssola står over Skaihøe.

Solan tykkjer det er eit styr når eg skal ta fjellselfie.

"Leiren" etablert, tid for kos!

Solan kan også nyte solnedgangen. Og kvalkjøt dug som kveldsmat.

Sola rullar ned langs fjella.

... og der er dagen nesten slutt.

Så er det morgon, og Skagsnebb har rosa slør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar