mandag 7. oktober 2013

Vestvågøy og Hoddevika

Nesten ei vekes haustfri frå arbeid og barnehage, og turen gjekk rett vest til Vestvågøy med ein avstikkar til Stad og Hoddevika. Vi hadde base på Ulvesund fyr, utanfor Måløy. Skipsleia går gjennom Ulvesundet på veg nord- eller sørover kysten, og Ulvesund fyr syner leia for båtane som kjem inn Sildagapet. For ungane var dette perfekt - kven treng tv når ein har sjø, fyr og båtar rett utanfor vindauget?

Kråkenes fyr har ei langt meir spektakulær plassering enn Ulvesund, ute på Kråkenes ytterst på Vågsøy. Med stiv kuling i lufta var det berre å dra på seg hetta og nyte synet av skummande bølgjer inn mot berga, medan måkene synte seg som dei mestarane dei er i lufta over bølgjene.

Kråkenes fyr i stiv kuling. Flott plass, men det vart i striaste
laget for fiskesnøret.

Blågrønt hav så langt horisonten let oss å sjå.
Fisket var så som så, eller kanskje var det fiskelykka som hadde dårlege tider. Eit par svært unge lyr var det einaste vi fekk på kroken. Eller - Ingrid Marie fekk faktisk ein bra stor ein på kroken, heilt sjølv, med den vesle fiskestanga si som er hardt brukt og plastra ytterst, men mamma gjekk i fistel da den skulle hankast inn. Det vart ikkje vi som tok frå han glade haustdagar i sjøen, i hvertfall.

Her blir ein 200 gr lyr filetert i Osmundsvåg. Mager kost for eit
reisefølgje på fem!
Laurdagen brakte med seg ruskevær, og vi tok bilen til Hoddevika. Denne vesle bygda ute på Stadlandet er ein vakker plass. Grøn dalbotn, mørke og kneisande fjellsider og havet som går inn frå vest. Her er ein lang molo, finkorna strand som strekkjer seg i nesten heile dalen si breidde og bølgjer som, i hvertfall denne dagen, krusa seg nokså avslappa innover stranda. 

Tungt skydekke over Hoddevika.

Fargespekteret går frå det irrgrøne til det grønsvarte. Og så sanden
da - den uendeleg store sandkassa!

Ein får det visst ikkje meir artig enn ein lagar det til for seg sjølv!

Sein ettermiddag, og lyset over Stadlandet er noko ein kan leva av
eine og aleine - om det ikkje var for noko som heitte leggjetid for ungar!