onsdag 26. mars 2014

Ettermiddagstur på silkeføre

Det er vårstemning innover skogen denne tysdag ettermiddagen. Snøen er djup, men skia søkk ikkje gjennom, og eg kan gå kvar eg vil gjennom skogen.

Spor etter hare, spor etter rev, nokre gonger i den same leia, den eine fyrst, den andre etter. Eit viftemønster syner kvar skogsfuglen har landa og trakka bort til matfatet inne i kjerret, eller kanskje har den letta etter allereie å ha ete, eg hugsa vel ikkje å sjå etter kva veg spora gjekk. Djupe hol i snøen syner korleis elgen har vandra frå tre til tre.

Innimellom opnar skogen seg for myrdrag, opne sletter med spreidde furuer. Her har sola overtaket, ikkje som inne i skogen, der solljoset lyt veksle med skuggane.

Skia glir lett gjennom skogen, og føret og marssola gjev ein denne følelsen av at ein kan gå kor langt det skal vera. Men det skal eg ikkje, eg skal heim til kveldsstell og legging av ungar, men fyrst skal eg gå eit lite stykke til, berre eit lite stykke, før eg snur.