mandag 16. august 2010

Nedre Leirungen - vesla sin fyrste telttur


Fem veker gamal var Ingrid Marie på sin fyrste telttur. Vi gjekk eit par kilometer inn langs Nedre Leirungen i Vågå, sette opp telt på ein fin odde, hadde med teppe og jervenduk og sovepose, og rigga oss til.

Det vart bleieskift i jervenposen ved kveldsbålet. Det var tydelegvis litt stas, for ho var blid heile tida.

Vesla sov som ein stein heile natta - slik som ho plar gjera. Når ein liker å ha det lunt og godt, så er det vel ikkje noko som kan vera stort betre enn å liggje mellom mamma og pappa nedpakka i ullpysj, ullpledd, sovepose og jervenduk!

Hundane sov ute i lyngen og var rolege heile natta, og storkosa seg. Litol låg ved bålet og kosa seg.

Mykje å sjå på! Øyvind har fyra bål ved vatnet, og vi kosar oss. Litt meir styr med klede og mating enn ellers, men det gjekk bra. Så fkk eg vore på telttur i sommar også, og vi er glade for å erfare at det er relativt lettvint å reise på tur sjølv om vi har ei lita ei!

4 kommentarer:

  1. Telttur med barn er veldig kjekt, så ut som vesla koste seg veldig ja :-)Kjekt å komme over andre blogger som deler samme interesser. Jeg har en gutt som er omtrent på samme alder som jenta di, og han har også vært med på turer siden han var veldig liten. Vår erfaring at det er litt mer planlegging og pakking som skal til når man har med små barn, men det er absolutt verdt det da de beriker turene veldig. Ta gjerne en tur innom min blogg også - http://markablogg.blogspot.no/.

    Er det mulig å sortere innleggene dine etter dato?

    SvarSlett
  2. Hei!

    Telttur med barn kan vera veldig kjekt - med trykk på kan. Vi erfarer at det er langt lettare med ein baby på nokre månadar enn med ein toåring som har funne ut kor mykje makt ho faktisk har (sjå eige innlegg om lavvotur til Sylvetjønne...) Litt meir planlegging og pakking, og litt mindre avslapping, men jammen følest det godt når ein faktisk har gjort det, og ikkje berre latt det vore med tanken!

    Dersom du ser på den mørke grå linja under tittellinja, så kan du velgja kva framstilling bloggen skal ha. Om du velgjer til dømes Classig, blir dei sortert etter dato.

    Fint at du såg innom! :)

    Anne Silje

    SvarSlett
  3. Så sprekt å ha med liten baby på telt tur. Sånt digger jeg å høre om. Ane

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er lettvinte medan ungane er heilt små, Ane, da er dei lettvinte å ha med å gjera og søv kvar som helst! :)

      Slett