søndag 25. mai 2014

Cupcake og haukugle

Cupcake på tur.
I lystig lag nedi Ottdalen vart eg konfrontert med manglande cupcake-vinkling på bloggen. Vel, saka er at eg har ikkje laga cupcakes (koppekaker?) nokon gong. Det sto imidlertid ikkje på engasjementet ved kjøkenbenken da Toro-pakka var opna og alle e-stoffa formeleg rann ned i bakebollen. Fine farger, enkle greier, og så fekk eg sanneleg bruk for denne kakesprøyta som ligg nedst i skuffen. Utsjåandemessig vart dei relativt langt unna bildet eg vart inspirert av på pakka. Men smaken levde opp til rosafarga, og det hadde vel vore rart noko anna, med ei innhaldsliste like omfangsrik som ein velete kakemage. Herregud og jøsse namn, som tre-åringen seier, dei var søte desse koppekakene. Vi hadde seig koppekakemasse frå tinningen til knehasene da pyntinga var ved ende.

Men. Dette er jo ikkje heilt meg. For å bøte på bakverket vart ei av koppekakene turmat. Sjå det vesle bildet. Det eignar seg ikkje veldig bra i stort format.

I skogen ein fin plass i Vågå, hekkar det eit haukugle-par. Kvitt andlet innramma med svart, og stripete bringe og lang stjert. Dei heldt auge med oss kvar vi enn gjekk. Etter å ha vore borte eit par minutt, kom den eine attende med fangst.

















































Ungane var runde å sjå til, åleine på kvar si grein, men neppe åleine likevel. Nokon ville vel sagt frå på sin måte om eg hadde kome for tett på, så eg trekte hetta over hovudet da eg sneik meg innpå den eine ungen. Fin og kort skogstur. Fuglelivet elles nå på vårparten er livleg, og det er ganske trivleg å berre liggje i lyngen å lytte.









søndag 11. mai 2014

Sørvestre Smørstabbtind

Klokka åtte på morgonen, presise avgarde, Fruktnøtt i sekken. Nede i bygda duskregna det denne morgonen, og værskiljet kom omlag i Lom. Vel oppe på Sognefjellet var det meste av tungt vær borte, og vi sto att med sol og høgtsvevande, kvite skyer. Vel parkert ved Krossbu sto valet mellom Store Smørstabbtind og Søre Smørstabbtindane. Valet falt på det siste. Dit er det sikkert ikkje så mange som går, tenkte eg. Og det var det verkeleg ikkje. I hvertfall ikkje den vegen vi tok avgarde.

I staden for å gå over Smørstabbreen gjekk vi vest og sør for breen. Ein nokså bra omveg, fint, men med ein del brattare terreng enn om vi hadde fulgt ruta over breen. Det var langt på dag, for ikkje å seia langt på ettermiddag, da vi endeleg sto på toppen av sørvestre Smørstabbtind (2045). Ein utruleg fin topp som mot nordaust stuper seg loddrett ned mot Smørstabbreen. Utsikta er upåklageleg frå her oppe. Sjølv om skodda tok oss nokre gonger i løpet av turen, var sikta klår det meste av dagen. Eg veit ikkje riktig kor langt vi såg, men blikket stoppa ved Falketind om lag rett sør. Eit tydeleg landemerke frå så mange plassar. Om vi berre hadde vore litt sprekare og litt raskare, eller litt smartare og starta turen over breen, og hadde hatt ei sjokolade til, hadde vi sikkert nådd oppom ein topp til. Men slik var det altså ikkje, og vi var eigentleg likeglade, for turen var skikkeleg fin likevel. Heimvegen gjekk lett nedover breen.

Ein laurdag med særs bra utsikt, vi fekk testa kor tøffe vi ikkje var, men kor tøffe vi likevel vart. Fint med skogstur altså, men jammen fint med topptur att også! I dag er det dagen derpå. Eg må berre innrømme det - eg vart litt sliten.



søndag 4. mai 2014

Det er vår i skogen også!

Eg er veldig klar over at fjellfolk flest svergar til høgfjellet, med vårsnøen, tindane og viddene nå når mai endeleg er her. Eller, fjesboka gjev i det minste inntrykk av det, der det flommar over av fjellbilde i kvite og blå fargetonar, med innslag av fargesterke fjellklede og skibreidder over normalen, eller kanskje er det nettopp desse breiddene som etter kvart er normalen.

Vel. Eg skulle gjerne vore der. I mellomtida vil eg berre gjera merksam på at det foregår ting nede i låglandet også, mest i den grøne og brune fargeskalaen. Liv og former breiar seg ut, kryp fram frå fjorårets lauv og strekkjer seg mot sola.

Her er nokre glimt frå april.
Grøn mose i granskog.

Mauren spring stivføtt og småkald rundt på maurtuva si.

Våren rullar seg ut...

...og somme er allereie sprunge ut.