onsdag 15. mai 2013

Husmorfri

Det er 2013, og det er nesten ikkje lov å ta ordet i sin munn. Bortsett frå om dreg seg med i ein likestillingsdebatt da. Men her er det ingen debatt og eg seier det likevel: Husmor! Nå når eg er i permisjon er det langt rettare å kalle meg sjølv husmor enn yrkeskvinne (og det er fortsatt 2013, sjølv om ordet yrkeskvinne tilseier at vi er nokre tiår attende). Det er lite baking av cupcakes og det er lite kafebesøk, men klær vaskar eg, eg hankar fram støvsugaren sikkert ein gong for dagen, vaskar golv og tørkar støv gjer eg innimellom, tek oppvasken og lagar mat og strikker ullvotter. Og tek meg av ungen, sjølvsagt. Så ja, eg føler eg kan kalle meg husmor. Og i dag tok eg husmorfri!

Og høgt der oppe over meg er tretoppane...

Det var opphalds, og eg pakka med Jo Amund, sovepose og liggeunderlag, termos og niste, og rusla innover Gjæsingvegen. Sola varma når ho titta fram, fuglane var i vårstemning og Jo Amund sov i vogna. Eit stykke innover vegen drog eg vogna opp gjennom skogen langs ein stig, og fann meg ein retteleg fin plass i lyngen der eg rigga meg til i soveposen. Sovna gjorde eg også, tenke seg til - ein onsdag midt på dagen!

Er det eigentleg lov å krype nedi soveposen ein onsdag føremiddag?




















Da eg vakna att var det snøvær i lufta. Fuglekvitteret var borte, og lyden av ei hissig motorsag frå langt borte flaug med vinden gjennom skogen. Te på termos og leverpostei på skiva, og ei bildemelding til Øyvind på jobb for å syne fram kva eg tok meg til gjorde susen, og da Jo Amund vakna opp, var det allereie gått eit par timar.

Mor og son.

























Eg må jo seia da, at eg, og mange med meg, er utruleg priviligerte som kan gjera nettopp dette i periodene vi er heime med ungar. Eg gler meg over kvar gong eg kan gjera noko slik som dette. Så i dag har eg hatt husmorfri, ei retteleg fin fristund vart det - og enda til vart det middag til mann og ungar om ettermiddagen!

Yo!

fredag 3. mai 2013

Pulktur på Valdresflya

Midten av april, tysdag, mammapermisjon, blå himmel - sol! Bilen blir pakka og turen går til Valdresflya.

Det er oppbrøytt parkering ikkje langt nedafor det høgste punktet på flya. Jo Amund blir stappa ned i pulken og Solan sett i sele, og turen går mot Raudhamran. Vi er heilt åleine så langt vi kan sjå denne dagen, men fleire skispor som snor seg innover vitnar om meir aktivitet i helga. Desto heldigare er vi som får snøen og sola for oss sjølve denne dagen!



















Skiføret er fint, om enn noko skavlete. Vi tek pause ved ein stor stein som gjev skugge - eg har gløymt solbriller til minsten og eg har gløymt å smøre kjakene hans med solkrem også. Derfor pakkar eg han godt ned under pulkskjermen og tek pausa i skuggen. Banan og lompe går ned på høgkant, og sjølv om snøen er hard der vi sit, er det vanskeleg å bevege seg rundt for ein liten kropp innpakka i tjukke vinterklede. Når Jo Amund så får "desserten" sin er han strålande fornøygd. Den beste nista er aldri langt unna når mamma er med!

God og fornøygd kar!



















Solan higer etter å få sin del av nista.



















Eg har lyst til å sjå innover Leirungsdalen, og siktar derfor mot Raudhamran. I skaret mellom denne og høgde 1787 er det tydeleg at vinden får ekstra godt tak - her er snøen forma i vakre skavlar og skil seg ut frå resten av området.



















Småtten sovnar i pulken, og vi tek ikkje turen opp på Raudhamran. I staden følgjer eg berre skaret innover mot Leirungsdalssida til eg ser innover. Leirungsdalen må vera ein av dei finaste dalane Jotunheimen har - og det er mange å ta av. Høge toppar kneisar over dalen på både nord- og sørsida.

Solan jagar opp tre kvitkledde ryper på turen, ellers er det stilt rundt oss denne aprildagen.

Leirungsdalen.