tirsdag 17. november 2009

Novembertur til Gutulia

Midten av november. Skodda ligg lågt, det er blaute dagar og kalde dagar om k varandre, lite snø, men både slaps og holke. Det er vel berre slik november er. Og november-været freistar ikkje akkurat å lokke oss ut på tur. Men: Etter tre helger med brannvakt og dermed utan tur var vi veldig klare for å ut i friluft att. Med relativt god samvittigheit tok vi derfor ut avspasering fredag. Fram med primus, telt, soveposer, reinsskinn, fyrstikker, ski og pulk. Turen sist helg var planlagt til Gutulia, den vesle nasjonalparken sør for Femundsmarka, inn mot svenskegrensa.

Medan vi køyrer austover lurar vi på om det er skiføre i det heile tatt, men da vi parkerar bilen, så ser det neimen ikkje så aller verst ut likevel. Lunsj i bilen, pakke pulken på Kodak og sekker på våre eigne rygger, og så trakkar vi avgarde. Fyrst innover ein liten veg i retning Gutulisjøen. Elgjegarar har køyrd før oss med firhjulstrekkarane sine. Der vegen sluttar går vi ned til vatnet. Det er kaldt og fint, og i staden for å baske oss mellom steinar og stubbar og nedfalls trestammer i skogen, følgjer vi isen som ligg tjukk langs land. Kodak er som Bambi på isen før han finn ut at innved land er det betre feste. Han kosar seg med å trekkje både pulken og Øyvind. Det er fint lys. Skogen er kvit. Og etter ei stund finn vi jervespor i isen. Det har vore stor aktivitet, men vi kan ikkje sjå om det har vore ein eller fleire. Kodak tykkjer det luktar spennande, og vi tykkjer det er artig å sjå.

Gutuliasetrene består av tre setrer i austenden av Gutulisjøen. Her er ei open fin gammal bu, men etter å ha slått av ein prat med ein elgjeger som ikkje har fått elg, tross mykje spor, fortset vi innover skogen. Jegaren kunne også fortelja at hundane hadde skremt opp ein bjørn tidlegare på dagen. Spennande å tenkje på at kanskje ruslar det ein november-lei bjørn rundt i skogane rundt oss. Mest sannsynleg får vi ikkje sjå han, men det hadde vore artig og sett spora. Så får vi berre håpe at han kjem seg i hi før vinteren trår til for alvor.

Vi går ikkje langt før vi slår leir, men det er mørkt. Opp med telt og fram med reinskinna, og så er det ut på vedhenting. God tyrived, eller feitved som vi seier heime i Vågå, er lett å fyre opp. I sin iver etter å kome inn i teltet har imidlertid Kodak teke ein real jafs av teltduken for å kome seg inn i forteltet, og ligg på sin vante plass, tilsynelatande fornøygd, men vi anar at han skjøner at noko "har skjedd", da vi kjem attende etter vedhenting. Vel. Det er bra vi ikkje er på høgfjellet. Så får vi kanskje sjå oss om etter nytt telt etterkvart. Vi kosar oss uansett med stort bål, middag og bøker ut over kvelden. Livet er slettes ikkje verst.

Da vi vaknar laurdag morgon ser vi at det har det snødd heile natta. Morgonen blir tilbrakt i teltet med havregraut og ein halv pose m til frukost. Ypperleg start på dagen! Så blir det litt bålfyring, ein prat med ein jegar som ruslar forbi på sin siste jaktdag denne hausten, før vi pakkar og fortset austover. Gjennom snøtung skog og med fint skiføre. Lunsjen tek vi ved riksrøys 140, men utpå dagen byrjar det å bli vått og kaldt. Med så mykje snø og is på trea i skogen blir det fort blautt når det kjem noko mildvær. Etter besøket på svenskegrensa fortsett vi i djup snø nord og litt vestover, over myrene, til vi etterkvart finn ein lugum teltplass. Så er det bål, men denne kvelden er det vind frå søraust, og vi kryp etterkvart inn i teltet. Nederst i ein sekk finn vi ein pose smågodt, og kvelden er fullkomen. Ein skal kose seg på tur!

Sundag er tung, grå og blaut. Nokor lang morgonstund blir det ikkje, og vi beveger oss vidare nordover og etterkvart mot vest på kompasskurs. Været gjer at det er umogleg å orientere seg utan den hendige dingsen. Øyvind orienterer nærmast perfekt, og vi treff på både Stormikkeltjønna og bua som ligg eit stykke lenger vest. Om ettermiddagen er vi attende ved bilen, fornøygde med å ha vore på novembertur i Gutulia. Å tusle rundt i gammal skog og kose seg i telt og med bål var nettopp det vi var ute etter denne helga. Vi er dermed tre fornøygde nordistu'ingar som set nasen heim!