lørdag 12. juli 2014

Finndalen ein finversdag

Tenk at det finst slike plassar som Finndalen! Sola steiker nede i bygda, og vi pakkar bøtter og spann og spader i bilen, køyrer kanskje 20 minutt, parkerer bilen, og kan så og seie gå rett ut på ei finkorna sandstrand. Kyrne rauter på jordet i nærleiken, eit lam blir akutt morsmjølktørst i det vi går forbi og syg seg på mor si, og på setrene steller folk med sitt. Her vi stoppar renn Finna roleg forbi. Vi vassar utpå ein sandbanke, ungane kan boltre seg i sand og vatn som dei vil. Eit smågodt blir brukt som agn på kroken på den vesle fiskestanga, men minsten si fisking blir etterkvart som risikosport å rekne og vi tek kroken av. Fisk hadde det vel ikkje vorte uansett! 

Eit stykke unna høyrer vi tora, etterkvart ser vi også lynet, så kjem buldringa nært innpå, vinden kjem som kasta på oss, solhattane flyg i vinden og vi vassar over elva og går attende til bilen. Etterkvart kjem skybrotet, men det gjer ikkje så mykje. Vi har hatt ei fin stund i Finndalen, og jorda treng vatn, så da er det i grunn greit at regnet kjem.



Sommar og sol i Finndalen.