tirsdag 7. juli 2009

Tverråtindane

Etter ei helg i Smørstabbtindane tidlegare i sommar var vi svoltne på og opp i Heimen att. Målet med turen var ikkje nøye, men med Morten og Julia Helgesen si bok om 2000meter-toppar i ei armlengdes avstand var vegen til inspirasjon stutt og vi bladde litt fram og attende, såg på bilete og kosa oss. Svellnosbreen såg særs lokkande ut, krinsa av Galdhøpiggen og Tverråtindane og med Svellnosbreahesten midt i. Vi ville opp der og Kodak, malamuten vår var sjølvskriven turkamerat. Vi visste godt at Tverråtindane kunne vera noko bratt for vår firføtte ven, men han var klar for tur og lot seg ikkje skremme av verken stegjern, isøkser eller tau på sekkane.

Fredag ettermiddag køyrde vi vestover, bunkra sjoko og gjendekjeks i Otta og kvelden var enda ung da vi parkerte ved Spiterstulen. Vi styrte støvlane innover råka mot Eventyrisen og gjekk eit godt stykke opp i lia før vi tok oss ut ein høveleg teltplass for natta. Været var strålande, det var tilnærma fritt for mygg og anna uro og vi satt ute og såg kveldssola sleike toppane på Hellstuguryggen før vi kraup inn i posen godt nøgde med eit godt utgangspunkt for morgondagen.

Som gode sommardagar flest, vart temperaturen inne i teltet raskt i høgaste laget. Svettetoktane i soveposen kunne minne om ei natt i same teltet, litt lengre aust for nokre månader sia. Godværet var lik ens, om enn ei heit anna verd. Smådalen i desember... da låg vi òg og rulla i soveposen for å halde normal kroppsvarme. Vi satte kursen mot Midtre Tverråtind og kryssa elva frå breen på gamalmåten frå stein til stein, det gjekk så vidt. Oppetter moreneryggen gjekk høgdemetrane raskt unna og vi haldt fram opp snøbakkane mot toppryggen vår. Det skulle vera enkelt å kome innpå derifrå og det var greit føre i god og fast sommarsnø. Oppå ryggen var utsikta fabelaktig og vi kunne sjå dei fyrste hordane med folk nærme seg Galdhøpiggen. Vi unna oss ein lengre rast med kake påsmurd reke- og krepsesalat og vårlauk.


Vidare frametter ryggen var fjellet oppsprukken i grov ur, det var best å gå nær kanten mot stupa ned i Svellnosbreen. Der var og ei enorm snøfonn som hadde bygd seg opp gjennom vinterstormane. Vi passerte toppunktet heilt aust på Tverråryggen og gjekk den siste mota opp til midtre Tverråtinden (2302 m.o.h.) Tankane spann no omkring vegen vidare då terrenget hadde bratna til for alvor og vi visste at det kunne verte naudsynt å bruke tauet for å rapellere ein 15 meter høg hammer som sperra vegen vidare.



Utan å heilt begripe kva han hadde gjedd seg utpå fulgte Kodak nedetter råka mot det mykje brukte rapellfestet. Med tung sekk på ryggen og ein hund som gjerne kunne ynskt litt hjelp med situasjonen tok vi like godt rapellen i lag båe to. Vi rigga oss til med forlengar på bremsen og med begge to innbundne. Ein av oss måtte likevel opp att for å hjelpe Kodak utfor. Vel nede rigga vi om tauet slik at den eine enden var fast i en standplass nede på ryggen, det skulle gje oss moglegheita til en kort klatretur på klemknutar opp same vegen som vi kom ned.


Klatringa var ikkje vanskeleg, men det vart god bruk for tiblocken med ei lang slynge i for å trø litt høgare for å gjere svingen opp på øvste hylla. Kodak hadde nok allereie fatta kva dette oppstyret skulle bety, og var ikkje velviljug med på å verte festa med alskens karabinkrokar og ekstra stramme band men med låge godlynte ord frå medhjelparen gjekk det på eit vis og vi svinga oss utover kanten. Kodak hadde nok et augeblikks total eros montanus terrere "der", og vaks mykje på berre 15 meter. Han vart frigjort frå tvangstrøya og krak innte mor si og kika med undring oppetter floga han nettopp hadde reist forbi.


Vi fekk rydda saman utstyret og haldt fram vidare neste rygg opp til Store Tverråtind. Stadvis var det lett klyving i stor steinur og stutte opptak, heile tida nære stupa mot nord. Oppå Store Tverråtinden (2309m.o.h.) kunne vi sjå at snøfonnene heilt på kanten av vestre toppunktet hadde lagt seg slik at den gjorde ei fin og flat hylle, vi tenkte med ein gong det same: Det var teltplassen for natta! Klokka nærma seg 9 på kvelden og det kunne vel verte fint å ete middag medan sola gjekk ned bak Skardstind? Jo, slik vart det. Vi sett opp leirplassen vår på aksla til sjølvaste Tverråjotunen og der skulle vi, med hans signing, få kvile støle kroppar.


Neste dag var skodda trekt ned over toppar og tindar og, sikta var framleis god. Men veret skulle etter metrologane halde seg bra, så vi fekk stole på dem og vårt eiga høve til å ta oss ned att i dårligare ver. Frampå dagen tok vi ned leiren og batt oss inn i tauet. Vi hadde allereie vore oppom toppen av vestre, mest for å fotografere ein gudegjeve telplass, men og for å loggføre eit nytt toppunkt over 2000 m. Nedetter breen bar snøen og snart var vi innom eit toppunkt til, og vidare til Svellnosbreahesten. Den fyrste var namnlaus og andåtil vardelaus og vi kunne ikkje være ringare enn å bygge opp att varden som heil sikkert har stått der ein gong. Vi passerte ei ansamling smeltevatn som etter varme sommardager hadde samla seg til eit heilt lite vatn like vest for hesten. Vi fekk drukkje oss utyste og fylte vatn på flaskane våre. På Svellnosbreahesten som for øvrig er omgitt av bre på alle kantar var det godt høve til å studere ruta ned breen. Vi ville følgje breen på sørsida og innte veggen som vi dagen før hadde spasert oppå, og den såg ufarleg ut med tjukt snødekke heile vegen.


Den lette turen ned breen, hadde ei lengde som vi førre dagen hadde brukt 12 timar på, vart gjort unna på eit par timar. Vi var huga på å innom på hytta attmed Lemonsjøen før vi måtte attende til måndag og arbeid, og difor langa vi på nedetter lia, denne gongen med turre sko over klopper på hovudråka.

onsdag 1. juli 2009

Padletur i Sølna

Dersom ein ikkje er kjent i området er kanskje ikkje Rendalen det ein fyrst tenkjer på når ein skal finne helgas turmål - men Sør-Norge si største kommune (i areal) er vel verdt ein helgetur! Er ein på utkikk etter tilnærma urøyrt natur og område med lite tilrettelagt friluftsliv, så er sjansene store for at ein kan få seg ei helg med fine naturopplevingar.



Så vi bestemte oss for ei Rendals-helg i midten av juni. Når ein bur i Rendalen finn ein seg alltids eit turmål dersom ein ei helg ikkje har lyst til å køyre så altfor langt. Vi køyrde til grenda Unset der vi fekk leige kano på Romenstad Hytter og Gardsferie. Turen gjennom kulturlandskapet i Unset gjev ein fin start på turen, som fortsette opp fjellvegen austover i retning dei mange setergrendene i Sølendalen. Vi køyrde to bilar, og køyrde fyrst sørover til Sølenkroken, parkerte ein bil der, og køyrde attende med bil og kano til brua over Sølna ved Storlegda.

Turfølgjet vårt, Kodak, hadde ikkje vore i kano før, så vi drog kanoen nedover elva eit stykke til vi fann eit rolegare parti. Etter nokre hundre meter, og som eit resultat av ei lang tankerekke basert på fantasifulle funderingar om korvidt ein kan få rabies dersom ein blir bitt av ein bever, og om kor fort ein i tilfelle bitt da kunne kome seg i bilen og ned til bygda (det er utruleg kva tankane flyg i friluft!), kom eg plutseleg på at bilnøklane til bilen ved Sølenkroken låg i bilen vi nettopp hadde forlatt. Det hadde vorte ein lang tur nordover att for å hente nøklar. Tankerekka sprang vel ut av dei mange spora etter bever som ein finn langs heile vassdraget. Ein springetur eit stykke attende til bilen, bilnøklane vel forvart i lomma, og vi pakka oss ut i kanoen. Det synte seg fort at bekymringane om Kodak kom til å roe seg i kanoen var grunnlause. Kanotur var heilt tydeleg eit bra alternativ til å gå sjølv, med nye lukter og rare ting å sjå på rundt kvar sving.




Det var spådd tungt vær heile helga. Det småregna og var tungt og grått heile fredagskvelden. Sølna buktar seg gjennom landskapet, stort sett i rolege former, innimellom nokre mindre stryk som i det store og heile er uproblematiske å passere. Fiskestonga var ute fleire stader i elva, og gjedda var også på kroken ein rask tur, men vi fekk ho aldri så langt som opp i kanoen, sjølv om ho plaska rundt inni sivet og heilt tydeleg var til stades. Fiskelykka derimot var vel ikkje riktig til stades.




Kvelden var ikkje heilt ung da vi fann ein fin furumo og slo opp telt og presenning for natta. Det vart bålkos og middag og til slutt ei god natts søvn. Ein søv aldri så godt som på ein god teltplass! Laurdagen kom utan regn. Utpå formiddagen rydda vi leir og turen gjekk vidare sørover Sølna. I eit tjern ved grensa til Lille Sølensjø naturreservat beit ein abbor faktisk på kroken, og i motsetnad til gjedda fekk vi den opp i kanoen. Men den var i grunn svinnande liten, og beinete også, så gleda over fangsten var ikkje langvarig.



Turen gjekk over Lille Sølensjø, og vi tok kvelden i ei ope bu på austsida av Sølna, litt nedanfor der ho renn ut av sjøen. Eit par briskar, eit bord og ein vedomn midt i rommet - eit triveleg alternativ til telt! Det er fint å ha moglegheita til å bruke opne buer, og denne var nok ikkje av dei mest brukte - i hvertfall ikkje dersom ein skulle rekne etter hytteboka. Så ligg ho da også relativt utilgjengeleg til, og er nok like lett å nå frå Sømådalen i nabokommunen i aust, Engerdal, som frå Rendalssida.




Sundag var det ein kort tur ned til Sølenkroken. Bilen ved Storlegda vart henta, kanoen kunne fraktast berre på denne bilen, og dermed vart det noko ekstra køyring - vi måtte farte noko fram og attende for å få med ned att bilar og kano. Etter ein del køyring att og fram, gjekk turen attende ned i Rendalen.




Turen, slik vi la den opp, krev litt logistikk, og er ein veldig fin padletur i eit område som ikkje er nedrent av tilreisande. Rendalen fortener absolutt fleire besøk av turglade folk!