mandag 8. april 2013

Liten jentetur, Tesse og Ruphøe

Sundag pakka Ingrid Marie og eg sekken med niste og ved, køyrde opp fjellvegen og parkerte bilen ved "dammen", like før innkøyringa til Tesse og Brimiland. Vegen her går innover mot Gjesingvatnet, og er ein idyll som oftast blir forbikøyrd på veg mot Lemonsjøen og Sjodalen. Vegen innover er ikkje brøyta, men var hardtrakka og lett å gå på føtene. Ingrid Marie traska med, og sjølv om eg bar ho litt innimellom, gjekk ho det meste av vegen sjølv.

Gjesingvatnet var eit uoverkommeleg mål denne dagen, og det var heller ikkje meininga å gå heilt inn dit. Vi fann oss heller ein solvarm snøfri flekk i furuskogen og fyra opp eit lite bål og kosa oss med nista vår.

Dette er ikkje ei reklame for Bendit.



















Ingrid Marie er veldig oppteken av at Solan skal få også, så halve nista gjekk til ein tilsynelatande sårt trengande hund. Vi hadde ein triveleg liten tur medan "karparten" av familien Berg Sødal hadde heimedag med kvild og middagslaging.

Solan ventar på nista si. Da er det best å gjera seg pen!


















Det er gjerne litt strev før alle er klare for å kome seg ut døra når vi skal på tur, men etterkvart har vi fått ei viss rutine som gjer at det går nokså greit. Nå når våren er i gang og barflekkane syner seg i skogbotnen, er det med ein gong meir lettvint å ta med seg små ungar. Med ein gong vottane kan vera av ei lita stund, blir det lettare å leike seg og undersøke mose og harelort og kongler. Når ein senker ambisjonsnivået, så unngår ein også noko av stresset som fort oppstår når ungane skal dragast med lenger enn det som er langt nok. Det var ikkje mange hundre metrane vi gjekk denne dagen, men Ingrid Marie meinte at nå hadde vi gått frykteleg langt. Altså - langt nok!

Her nyt vi livet ved Tesse litt tidlegare i vinter. Så utruleg fine kan vinterdagane vera!



















Øyvind og eg hadde barnefri nokre timar ein helgedag i mars, og parkerte bilen i Nordherad for å gå innover mot Skaihøe. Det var greit skiføre, fint vær og god utsikt mot Koppe og ned i Finndalen da vi kom opp på Ruphøe.

Utsikt ned mot Finndalen frå Ruphøe.



















Vi rakk ikkje Skaihøe denne gongen, men det får stå på lista over ønskjeturar til ein annan gong. Innover her hadde eg ikkje gått før, men dette er eit fint fjellområde som også er brukt som vinterbeite for villreinen i Ottadalen villreinområde. Reinen såg vi ingenting til, bortsett frå gul snø og reinsmøkk. Vi kunne sjå at det hadde gått ras fleire stader innover fjellet, og fortsatt er det best å vera forsiktig i brattare lende.