onsdag 14. oktober 2009

Årets fyrste skitur - Galdhøpiggen

Vi driv pakkar oss til ei helg på hytta på Lemonsjøen når Øyvind på tur ned frå loftet (for å hente turutstyr med eit snev av vinterpreg!) legg fram sin ide om å ta årets fyrste skitur. Helgas turmål er Galdhøpiggen. Det er den 9. oktober, og vinteren har så vidt teke sitt fyrste grep på fjellheimen.

Ei god natts søvn, som alltid i den supergode senga i vesl'hytta på Lemonsjøen, blir avbrote av mobiltelefonvekking. Så er det, etter det som føles som eit nokså kort sommarhalvår, på 'n igjen med vinterklede. Stillongs, huve, votter, skistøvler, og ikkje minst - endeleg fram att med dunjakka! Den gode varme dunjakka! Det er noko spesielt med hausten når ein endeleg kan plukke fram att gode varme klede.

Etter ein god frukost og nistesmøring reiser vi i veg. Ein svingom innom i Vågå for å hente skia, og så nordover (himmelretningane i Gudbrandsdalen er ei eige historie), forbi Lom, gjennom Bøverdalen og så oppover mot Juvasshytta. Mykje folk i sommarskisenteret, men ingen andre enn oss trakkar i veg mot Galdhøpiggen.



Skiføret er vel så som så. Somme stader ligg det ein del snø, men stort sett er det like mykje stein som kvitt pudder, og det er berre å snirkle seg fram gjennom steinura og ikkje tenkje for mykje på ripene under skia som sikkert blir resultatet av steingåinga. Sola skin frå ein himmel dekka av eit tynt skylag.



På kanten av Styggebreen blir det kjeks og vatn og lettare i klesvegen - temperaturen føles slettes ikkje verst. Fordi vi ikkje veit korleis breen er har vi med oss seler og tau, ei grei sikring for sikkerheits skuld. Eit spor kanskje frå dagen før går oppover breen. Turen oppover går greitt, det er ikkje lange turen før vi er ved foten av piggen. Vindtett jakke må på att når det bles opp, men været held seg bra. Snøføyka står rundt foten av piggen.

Ved den fyrste varden ved foten set vi att skia og tek beina fatt oppover. Ein fin tur oppover steinura, og utsikta er heilt upåklageleg. Kodak får springe laus oppover mot toppen, og let ikkje sjansa til å nytte seg av friheita gå frå seg. Å få rase rundt i snøen er livet, og det lyser glede av han når han får lange ut slik. Fyrst opp til hytta blir han også, og markerer godt rundt "funnet" sitt.

Dugurd ved hytta på piggen - heilt aleine vi tre. Det er artig å tenkje på at i dag er vi dei tre som var høgast av alle i Noreg! Vi ser heilt til horisonten i alle retningar, og ikkje eit anna menneske er å sjå. Turen ned att går lett og raskt. Dunjakka er god å ha i den kalde vinden, og det er godt å kjenne at kulda riv litt i andletet att. Vi sklir fint nedover breen, og et geleklumpar dekka med sjokolade før vi fortset vidare nedover den siste stubben. Bakken er i ferd med å bli preparert for sundagen. Att på parkeringa står berre ein bil, og vi ser ut til å vera dei siste som reiser nedover att.



Vi er fornøygde med å ta turen hit opp i "einsemd", det er tydeleg at ein oktoberdag ikkje er den tida på året dei fleste vurderer som rett tidspunkt for Galdhøpigg-tur, det har vel noko med moglegheita for føring å gjera også. Men vi hadde ein flott dag på tur, og dagen etter er det tungt vær - vi trefte den rette dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar