mandag 15. februar 2010

Vinterturar til Søvollen, Græslihytta og Neklia

Det er midten av februar. Endeleg ser vi meir av sola! Det er godt å kunne reise på arbeid i dagsljos og kome heim medan det enda er ljost ute. Det har vorte fleire hytteturar og fine småturar i vinter.

Femundløpet 2010Fyrste helga i februar er det Femundløpet. Sjekkpunkt Søvollen her i Rendalen er sjekkpunktet med mest villmarkspreg. Frå fredag morgon kjem hundespanna køyrande inn frå sjekkpunkt Drevsjø. Nokon reiser rett gjennom, medan andre kviler før turen går vidare til Tynset. Femundløpet består av to klasser: 600 km og 400 km. Båe er innom sjekkpunktet på Søvollen. Dette betyr at det er jamn trafikk nesten heile døgnet frå fredag morgon til natt til sundag.



Vi er friviljuge denne helga, og er tidtakarar, halmlastarar, springarar og ellers det det er behov for. Spanna må springast på plass dersom dei skal kvile. Det skal sjekkast kor mange hundar som er med inn på kvart spann, og kvar køyrar får ein halmbunt til hundane. Vel parkert er det hundane som blir teke omsyn til aller fyrst. Halmen blir fordelt, mat klargjort, og ofte blir dei pakka ned i dekken og pledd medan dei kviler. Alle blir veterinærsjekka. Stort sett er det alaska hasky-spann, men det finst også siberian husky, samojedar, alaskan malamute og grønlandshundar som deltek. Dei tre siste er ikkje av dei som ligg fyrst i løpet, men det er artig å få malamute-spann med smilande hundar inn på sjekkpunktet!

Det er berre å pakke seg ned i varme kled og trakke rundt som best ein kan for å halde varmen, og innimellom er det høve til å inn på setra for å få seg noko god mat og drikke, og varme i kroppen. Det er triveleg å vera friviljug på Søvollen under Femundløpet, og neste år er det VM!

Græslihytta, 16.-17. januar
Vi har lyst på hyttetur denne helga. Turen kan gå kvar som helst, eigentleg, men vi endar opp i Tydal, av alle plassar. Der har Trondheim Turistforening ei hytte som vi siktar oss inn, Græslihytta. Laurdan formiddag køyrer vi frå Røros og Brekken mot Stuggudalen og vidare mot Tydal. Det er stri vind og lågt skydekke. Frå parkeringa er det nokre få kilometer i oppoverbakke før vi kjem fram til hytta. Mislykka smøring av ski, men ellers går turen oppover greit.

Græslihytta består av to hytter. Ei stor, for stor for to, og ei lita, akkurat passe for to og ein hund. Det er kjapt å fyre opp, så blir det gode pannekaker til middag, lesing av gamle Fjell og Vidde'r og Tydalske årbøker. Vi les om Armfeldt sin dødsmarsj for tre hundre år sidan, etter ein retrett da svenskekongen Karl XII døde og hæren likevel ikkje kom til å innta Trondheim og Trøndelag. På veg attende til Sverige i streng vinterkulde, raserte svenskane Tydal i si jakt etter mat og ved. Fleire tusen svenske soldatar omkom på veg attende austover.

Kvelden blir med andre ord teke innandørs. Det er buvær, og den strie vinden riv i tak og veggar. Veldig triveleg og avslappande kveld, natt og morgon, og vi meiner vi kan kunsten å kose oss nesten glugg i hjel.



Sundag er morgonen lang. Etter graut til frukost pakkar vi oss ut og tek turen innover fjellet. Til tider er vinden så sterk at vi må passe på å halde balansen når vinden tek tak, men innimellom slaga er sola fin. Det vart ein rundtur mot Græslivola. Noko lenger inn ligg Skarvan og Roltdalen nasjonalpark, men så langt inn gjekk ikkje denne turen. Det får bli ein annan tur!



Neklia, 31. januar
Denne sundagen blir det fin trimtur (!) til Neklia. Unsetbrenna her i Rendalen er utgangspunktet, og vi følgjer veg oppover langs Neka bratt oppover. Mykje snø, og isklatreutstyr på sekken. Neka er det høgaste fossefallet i Hedmark, men det syner seg snart at forholda for isklatring kanskje ikkje var heilt på plass i dag. Så vi fortset oppover i snøtung skog og fin vintersol. Kodak spurtar rundt og har ein storveis tur.

Setrene i Neklia ligg fint til. Litt hytter også innimellom, og vi undrar oss på kvifor i all verda folk skal ha opp flaggstang og vimpel så langt frå folk. Det er nokså kaldt, og det rimar i håret. Ein triveleg tur ein triveleg sundag, ein treng ikkje reise så langt for å kose seg!



Lemonsjøen, 12.-14. februar
Eg har gleda meg lengje til hyttehelg på Lemonsjøen. Fredag kveld reiser eg og Kodak oppå hytta for å fyre, før Øyvind kjem etter på direkten frå Rendalen seinare. Rundt ti kalde grader, og det tek litt tid å fyre opp i veslehytta. Men samme det - klede har vi jo nok av, og ei fin helg framfor oss!



Laurdag blir det vasshol i isen, mating av småfuglar og skitur til Veslevassfjellet. Det er sol og vind, og godt å vera ute. Området rundt Veslevassfjellet og Bufårholet er fint, svaberg og litt småkupert, trakk etter rype og hare, og fjellbjørk og små dalar. Glittertind og Nautgardstind ligg der med skyhattar på. Føret er leitt for Kodak, med vekslande skare og djupsnø og umogleg å berekne kva som skjer ved neste steg. Med så mykje snø er turen tung, men trimmen og også tilsvarande stor, og det er også turgleda hans! Det er med stort engasjement han "bestig" toppen av Veslevassfjellet.



Vi har fin utsikt til Jotunheimen og Rondane, mot Skaihøe og Jetta, og ellers vidt til alle kantar. Over Lemonsjø-isen går det sti etter tamreinflokken som har traska over isen mot Gråhøe og heimfjella.



Turen ned att går i skogen og lassevis med snø ned fjellsida mot vatnet. Kjempefint, og så er det berre over isen før vi er på hytta att. Kodak ruslar rundt som han vil på hytta. Det er mykje å lukte på, og godt å styre seg sjølv utan å måtte stå i line eller hundegard. Og det beste av alt er nok at han får vera med oss heile dagen.



Sundag er det påskevær, eg meiner å sjå at det har kome litt fregner, det dryp i allefall litt frå hyttetaket, så våren er i emning dersom ein legg godviljen til! Om nokre veker så er påska her, og det er bra å tenkje på.