fredag 8. august 2014

I skodde mot Austanbotntindane

Det er gebursdag, og dagen min skal feirast i fjellet. Ungane skal vera att på hytta, og kvelden før vart vi samde om turmålet: Vi skal parkere i Veodalen, går innover Trollsteinkvelven, og skal opp på Svartholshøe, Trolslteinrundhøe, Dronningje og Trollsteineggje, eller så langt vi kjem. Kort køyring, grei værmelding. Vi vaknar fredags morgon fyrste august, på frukosttallerkenen min finn eg eit par sirleg strikka ullsokkar med godteri inni, pakka inn i papirpose frå Bakeriet i Lom, ute dett regnet ned frå eit tungt skydekke. Vel, vi ordnar oss avgarde likevel, set oss i bilen og køyrer oppover hyttevegen. Vi skal svinge til høgre, men hei, Øyvind svingar til venstre! Skal vi ikkje til Veodalen likevel? Det syner seg at ein del av gebursdagen min er replanlagt under dyna kvelden før utan mi deltaking, og turmålet er for min del uvisst.


Vi køyrer vestover. Etter tjue minutt kjem eg på at nista heng att i skålen på hytta. Den gode nista vår, lompe med bacon og allting! Det blir baguettar frå Rema 1000 i staden. Eg veit at Øyvind har ein hang til Hurrungane, der han har tilbrakt mykje tid i høgda. Eg nyttar elimineringsmetoden etterkvart som vi køyrer. Vi skal ikkje inn Visdalen, neivel. Ikkje til Juvasshytta, og neimen ikkje Leirdalen heller. Da står det att berre turen over Sognefjellet, og målet kan ikkje vera anna enn Hurrungane. Vi parkerer ved Berdalsbandet ved Tindevegen etter å ha teke av frå fylkesveg 55 ved Turtagrø. Målet for dagen er Store Austanbotntind. Eg gler meg, for ei fin overrasking på gebursdagen!

Tåkeheim.



Vi har fortrengt det faktum at det tunge været har fortsett å hengje ved oss vestover. I det vi går frå bilen startar regnet - igjen. Det går ikkje veldig lengje før vi er gjennomblaute, men turen oppover ryggen går lett, og høgdemetrane ligg att bak oss. Utsikt har vi ikkje, berre steinura og innimellom fast fjell under oss. Ryggen oppover er lett å følgje.






Sikta er kort. Vinden kjem frå sørvest og skodda susar vassrett rundt oss med vinden. Etterkvart kjem vi så høgt opp at stupet mot nord blir synleg, men botn ser vi aldri, skodda ligg tett rundt oss mest heile denne turen. På toppen av Vestraste Austanbotntind (2020) er det mat og kjeks og avgjerd om å snu. Vi ser ikkje lenger enn vi strengt tatt må, og vil heller ha turen til Store til gode ein dag med sikt. Det er også glatt å ferdast på stein når det har regna jamnt dei siste timane. På tur ned att er det sludd og sterk vind. Ullgenser inst og dei blaute kleda utanpå gjer susen for varmen.

Sjølv om utsikta er nærast fråverande, ser eg i det minste at det er bratt ned og at vi er høgt oppe.



Solan kosar seg på tur, men det er utfordrande å klive i steinur og på store blokker. Med litt puffing frå oss går det greit, han viftar med halen når han treng hjelp, men legg seg flat når han blir usikker. På turen nedover att trippar han lett og glad med ein solid krøll på halen. Eikvar snøfonn blir rulla i og sprunge på. Det er noko med desse vinterhundane - ingenting kan bli betre enn snø.

Mot Berdalsbreen.

Nede mot Berdalsbandet lettar veret på seg nordover. Ein avstikkar litt mot nord syner oss Berdalsbreen, blå og skitten og oppsprukke, med eit blågrønt vatn ved foten. I sekken har vi lagt fleire steinar som eg ikkje klarte å gå forbi, det blir mest alltid noko stein med heimatt frå fjelltur. Vi kan heller ikkje hjelpe for at vi føler litt glede over at toppane bak oss fortsatt ligg inne i styggeværet, det ville vore fortærande om det hadde letta nå når vi var nede att!



Ei god stund i sofaen i biblioteket på Turtagrø avsluttar turen. Inga gåve kunne vore betre enn eit par heimstrikka ullsokkar og topptur denne dagen, og vi har ein fin turdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar