søndag 11. mai 2014

Sørvestre Smørstabbtind

Klokka åtte på morgonen, presise avgarde, Fruktnøtt i sekken. Nede i bygda duskregna det denne morgonen, og værskiljet kom omlag i Lom. Vel oppe på Sognefjellet var det meste av tungt vær borte, og vi sto att med sol og høgtsvevande, kvite skyer. Vel parkert ved Krossbu sto valet mellom Store Smørstabbtind og Søre Smørstabbtindane. Valet falt på det siste. Dit er det sikkert ikkje så mange som går, tenkte eg. Og det var det verkeleg ikkje. I hvertfall ikkje den vegen vi tok avgarde.

I staden for å gå over Smørstabbreen gjekk vi vest og sør for breen. Ein nokså bra omveg, fint, men med ein del brattare terreng enn om vi hadde fulgt ruta over breen. Det var langt på dag, for ikkje å seia langt på ettermiddag, da vi endeleg sto på toppen av sørvestre Smørstabbtind (2045). Ein utruleg fin topp som mot nordaust stuper seg loddrett ned mot Smørstabbreen. Utsikta er upåklageleg frå her oppe. Sjølv om skodda tok oss nokre gonger i løpet av turen, var sikta klår det meste av dagen. Eg veit ikkje riktig kor langt vi såg, men blikket stoppa ved Falketind om lag rett sør. Eit tydeleg landemerke frå så mange plassar. Om vi berre hadde vore litt sprekare og litt raskare, eller litt smartare og starta turen over breen, og hadde hatt ei sjokolade til, hadde vi sikkert nådd oppom ein topp til. Men slik var det altså ikkje, og vi var eigentleg likeglade, for turen var skikkeleg fin likevel. Heimvegen gjekk lett nedover breen.

Ein laurdag med særs bra utsikt, vi fekk testa kor tøffe vi ikkje var, men kor tøffe vi likevel vart. Fint med skogstur altså, men jammen fint med topptur att også! I dag er det dagen derpå. Eg må berre innrømme det - eg vart litt sliten.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar