søndag 25. mai 2014

Cupcake og haukugle

Cupcake på tur.
I lystig lag nedi Ottdalen vart eg konfrontert med manglande cupcake-vinkling på bloggen. Vel, saka er at eg har ikkje laga cupcakes (koppekaker?) nokon gong. Det sto imidlertid ikkje på engasjementet ved kjøkenbenken da Toro-pakka var opna og alle e-stoffa formeleg rann ned i bakebollen. Fine farger, enkle greier, og så fekk eg sanneleg bruk for denne kakesprøyta som ligg nedst i skuffen. Utsjåandemessig vart dei relativt langt unna bildet eg vart inspirert av på pakka. Men smaken levde opp til rosafarga, og det hadde vel vore rart noko anna, med ei innhaldsliste like omfangsrik som ein velete kakemage. Herregud og jøsse namn, som tre-åringen seier, dei var søte desse koppekakene. Vi hadde seig koppekakemasse frå tinningen til knehasene da pyntinga var ved ende.

Men. Dette er jo ikkje heilt meg. For å bøte på bakverket vart ei av koppekakene turmat. Sjå det vesle bildet. Det eignar seg ikkje veldig bra i stort format.

I skogen ein fin plass i Vågå, hekkar det eit haukugle-par. Kvitt andlet innramma med svart, og stripete bringe og lang stjert. Dei heldt auge med oss kvar vi enn gjekk. Etter å ha vore borte eit par minutt, kom den eine attende med fangst.

















































Ungane var runde å sjå til, åleine på kvar si grein, men neppe åleine likevel. Nokon ville vel sagt frå på sin måte om eg hadde kome for tett på, så eg trekte hetta over hovudet da eg sneik meg innpå den eine ungen. Fin og kort skogstur. Fuglelivet elles nå på vårparten er livleg, og det er ganske trivleg å berre liggje i lyngen å lytte.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar