fredag 8. november 2013

På eit fang ved eit bål

Det er mørkt, vi ruslar innover Gjæsingvassvegen i Vågå, det er sein fredag ettermiddag. Det er mykje snø her oppe samanlikna med nede i bygda. Der nede såg vi månen, her oppe i skogen er det lågare skydekke og det er mørkt. Vi traskar nokre hundre meter innover vegen med Solan trekkande i front. Oppe i skogen finn vi ein snøfri flekk under ei fin furu. Bålet er fort gjort å tenne, vi har juksa med medbrakt ved, ei grei løysing når alt i skogen er fuktig og isete og vi skal vera ute berre ei lita stund. Bålet flammar opp, og snart brenn det godt i dei seks vedkubbane.

Langt blikk inn i bålet...

























Ingrid Marie blir ståande å sjå inn i bålet - det var nok akkurat dette ho ønskte seg når ho ville på fjelltur. Med fersk pizza og kaldvatn på termos sig ho ned på fanget og slappar av framfor bålet. Etter ei stund søkk ho saman, blir trøytt. Vil heim å leggje seg, seier ho. Bålet er i ferd med å brenne ut, og vi ruslar ned på vegen att. Oppe i den elles mørke skogen ser vi fortsatt ei boble av varmt ljos.

På eit fang ved eit bål.



















Vel heime sovnar ho før boka om Ugla som ville vise seg er ferdiglese. Eigentleg skulle eg skrive om ein kveldstur utan ungar. Men så fekk eg ein båltur i fanget i staden, ein fredagskveld når vi eigentleg berre skulle sulle heime. Tenk så heldig eg er som har ein unge som vil ha meg med på tur, eg kunne ikkje ønska meg noko anna.

Apropos tur i mørket - det er greitt å veta at eg ikkje er åleine om å sjå levande skuggar og få paranoide trekk etter mørket sitt frambrot. God lesnad om å vera mørkredd - les denne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar