fredag 3. mai 2013

Pulktur på Valdresflya

Midten av april, tysdag, mammapermisjon, blå himmel - sol! Bilen blir pakka og turen går til Valdresflya.

Det er oppbrøytt parkering ikkje langt nedafor det høgste punktet på flya. Jo Amund blir stappa ned i pulken og Solan sett i sele, og turen går mot Raudhamran. Vi er heilt åleine så langt vi kan sjå denne dagen, men fleire skispor som snor seg innover vitnar om meir aktivitet i helga. Desto heldigare er vi som får snøen og sola for oss sjølve denne dagen!



















Skiføret er fint, om enn noko skavlete. Vi tek pause ved ein stor stein som gjev skugge - eg har gløymt solbriller til minsten og eg har gløymt å smøre kjakene hans med solkrem også. Derfor pakkar eg han godt ned under pulkskjermen og tek pausa i skuggen. Banan og lompe går ned på høgkant, og sjølv om snøen er hard der vi sit, er det vanskeleg å bevege seg rundt for ein liten kropp innpakka i tjukke vinterklede. Når Jo Amund så får "desserten" sin er han strålande fornøygd. Den beste nista er aldri langt unna når mamma er med!

God og fornøygd kar!



















Solan higer etter å få sin del av nista.



















Eg har lyst til å sjå innover Leirungsdalen, og siktar derfor mot Raudhamran. I skaret mellom denne og høgde 1787 er det tydeleg at vinden får ekstra godt tak - her er snøen forma i vakre skavlar og skil seg ut frå resten av området.



















Småtten sovnar i pulken, og vi tek ikkje turen opp på Raudhamran. I staden følgjer eg berre skaret innover mot Leirungsdalssida til eg ser innover. Leirungsdalen må vera ein av dei finaste dalane Jotunheimen har - og det er mange å ta av. Høge toppar kneisar over dalen på både nord- og sørsida.

Solan jagar opp tre kvitkledde ryper på turen, ellers er det stilt rundt oss denne aprildagen.

Leirungsdalen.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar