onsdag 18. september 2013

Sommar 2013: Vetti, Tesse, Fuglesetermyrane, Lemonsjøen og Knutshø

Det har vore ein lang, lang sommar. Ikkje lang som i kjedeleg lang, men ein fin, lang sommar med langfri. Det har vore ein retteleg hyttesommar. Det betyr at vi og ungane har teke det med ro, kosa oss på hytta, fiska, gått småturar, strikka, lese, så vidt bada, pussa opp hus... Nå har vi trådd inn i kvardagen att, og det er på tide med ei oppsummering av noko av det vi har sett og gjort.

Ein liten vestlandstur endte opp på Vetti. Alternativet var ei innrøykt campinghytte lenger nedi dalen. Valet vart veldig enkelt. Vi skunda oss å pakke med oss det som var høgt naudsynt, og tok ein unge i vogn og ein annan i bæremeis. Den dugnadsbygde Folkevegen slynger gjennom Utladalen langs vakre Utla. Fine bruer, høge fossar, grønt og frodig, ein og annan gard der ein ikkje skulle tru det gjekk an ein gong å kome på å busette seg. Halvanna times trasking gjennom vakre Utladalen og ei klynge med raude hus låg oppi lia og venta på oss - Vetti gard.

Vetti gard.



















Vetti gard ligg oppe i dalsida midt i kulturmarka som ikkje lenger er vedlikehalde slik ho ein gong var. Vi var nesten åleine på Vetti denne kvelden, og hadde storstugu for oss sjølve. Heilt stilt, ungane sovna i kvar si køyeseng på sovesalen oppe etter ein god middag.

Kveld, idyll i stugu på Vetti.


















Etter treretters og ei overraskande god natts søvn, tok vi morgonen etter turen inn til Vettisfossen, det høgaste uregulerte fossefallet i Noreg og Nord-Europa. Attende på garden åt vi frukost og var klare for heimturen. Anbefalt!

Juv i Utla.

























Ein efta i "barnehagetilvenningsveka": Sol frå blå himmel, ungar henta tidleg i barnehagen, Øyvind hadde pakka sekken med både niste og pølser, og vi køyrde oppå Tesse til Åsvangsetra. Innover her er det furuskog, grøn lyng og myrer. Denne gongen tok vi råket langs vatnet. Bål i vasskanten, pølse på pinne, litt molteplukk og kos. Så fint vær, så blide ungar, så triveleg efta!
Liten kar med stor utsikt!

Ingenting er som å kaste stein på stein på stein...

Langs Tesse.























































Vi har vore på hytta fleire veker i strekk denne sommaren. Bra for ungane, bra for oss. Borte frå oppussing av hus, klesvask, arbeidstid og internett (vel, nesten) slappar vi av på ein annan måte enn heime.

Seinkveld på Lemonsjøen.






Heilt grei morgonkvist.



































Går du langs Fuglesætermyrane så langt at du kjem til Smådøla ser du anleggsarbeidet som pågår i tilknyting til kraftutbygginga av Smådøla. Men før det er det lite folk og fine myr- og skogområde. Skogbotn er grøn, furuene høgreiste og gamle, og myra strekkjer seg ljosgrøn langt avstad.

Fuglesetermyrane.


Ein august-laurdag tok vi turen til Knutshø. Vi kleiv opp blautt berg med hund og ungar i bæremeisar, plukka krekling, såg på utsikta, åt den gode nista vår, gjekk litt til, for så å slengje oss ned i lyngen att. Klive på ein stor stein, nyte utsikta sørover mot Høgdebrotet dra fram att minnet om den fine Leirungsdalen vi ser munninga på. Perfekt med stuttføtte ungar på snaufjellstur, da styrer dei seg nesten sjølve utan å gå seg fast i lyng og kratt. Og så lenge det er bær å plukke er det liv laga å kose seg i mose og lyng.


Knutshø med utsikt mot Høgdebrotet og Leirungsdalen. Folket kosar seg i lyngen!


Og nedatt på sørsida av Knutshø er det mange fine detaljer å bli hengande att i...



















På "andre sida" av Lemonsjøen ligg Bjøynnberget. Her er det bratt, frodig og spennande å gå. Litt vel spennande kanskje, til tider, når ungane hylskreik av frustrasjon over altfor frodig vegetasjon og altfor bratt terreng. Visstnok var det gøymd våpen her under krigen - med store berg, steinar og huler var det vel godt med gøymestadar. Vi, derimot, hadde ingenting å skjule, men var på utkikk etter fast fjell for Øyvind å klive i. Huletur vart det også.

Lita Linnea i Bjøynnberget.




















Ein liten eftastur i regnværet og 22 heimedyrka epler...
Det er fint å ta med seg Ingrid Marie ut ein tur om eftan. Det er i grunn litt fint å ha ungane kvar for seg litt. Da er det lettare å snakke, og ungane slappar meir av. Ein efta nå i september gjekk vi opp forbi Svenskelykkja i regnværet. Der sat vi nokså tørt under ei stor gran, med termos, nugatti og lompe og den nye supergode byggrynslunsjen på boks.

Varmvatn på termos og nugatti på lompa.
Her var det fint!




















Ingrid Marie var engsteleg for sau og kyr, medan eg skvatt mest da ho ropte ut at det var ei krokodille på låret mitt. Med min araknofobi og vaksen bistand altfor langt unna, drog eg umiddelbart ei slutning og såg for meg ein alvorleg stor edderkopp på låret. Det var imidlertid berre ein liten raud ein. Eg hadde ein gong ikkje problem med å knipse den unna.

"Kår æ enna saun, mamma?"

























Og så over til eplesesongen: I forfjor planta vi to epletre i hagen. Dei er fulgt opp og handtert med forsiktigheit (les: "ikkje kom borti med plenklipparen!"), og i fjor kunne vi hauste eitt eple frå det eine treet. Det såg miserabelt ut. Kva gjorde vi gale? Men: 15. september i år kunne vi hauste heile 22 raude haugmenn! Det vart to-tre glas med syltetøy. Var om mogleg litt for generøs med sukker og fruktpektin, men heimelaga og likevel godt!

Nyplukka, sprøyta berre med duskregn.