søndag 30. desember 2012

Juleturar i Vågå og Randsverk, 2012

Jula har tidlegare vore tid for tur, men litt mindre dei siste åra. Denne jula føltes det bra å ha fri til å ta turen ut! Etter rolege dagar innomhus heime juledagen og andredagen, vart det fleire turar ut i frisk luft resten av jula.

Tredje dag jul var Øyvind på tur saman med Solan, medan eg var heime med ungane og kun tok turen ut for å gå på butikken den dagen. Slik var det. Eller, vi var med og køyrde Øyvind oppi Skogbygda, der Ingrid Marie gjekk sine 20 meter på ski med julenye skistavar. Øyvind og Solan gjekk turen frå bommen på Slådalsvegen via Rishovda og ned til Vines og Lundalykkja.














Solan liker å trekke, og gjorde ein god jobb framfor pulken på turen. Ingrid Marie og eg sat og åt den sist knuste pepparkakeelgen ved vindauget i gangen heime då Øyvind kom akande på pulken ned Gardsøyjordet om ettermiddagen. Det er ikkje verst å bu slik til at ein kan ta skia heilt heim sjølv om ein bur i sentrum.















Den femte dagen i jula hadde vi barnefri! Barnefri i heile fire timar - det seier seg sjølv at tida måtte nyttast godt. Vi tok bilen opp til Synslia, eg smurde med rosa, og straffa var å gå på hendene oppover lia. Øyvind krusa som alltid oppover på sine smørefrie plankar. Vi tok vegen til venstre for den nedfalne plassen Nedre Bakken, oppover mot Rognhøe og inn Krossdalen. Frå der fulgte vi fjellsida austover mot Kleivhøe. Det bles og var til tider kvit sikt. Snøen bar stort sett godt, men fleire stader var det sprekker i snøen og til dels store snøskalvar. På nordsida av Strondseterhøe hadde det gått eit ras, så det er tydeleg at det er lurt å halde seg borte frå hellingane når ein traskar i fjellet om dagen.

Oppi snaua var snøen gulflekka ispedd brunsvarte kuler. Reinlaven var tynnsliti av beiting av reinen som for tida går i Heimfjellet. Solan tykte sjølvsagt det lukta fortreffeleg, og var rimeleg retningsustabil i selen gjennom reinstrakket. Vi var oppom Kleivhøe ein liten tur, og frå der er det god utsikt nordover Vågåvatnet, innover Nordheringsfjellet og mot bygda.



















Turen nedover att gjekk langs bekken aust for det som på kartet heiter Risbrothaugen. I bjørkeskogen nedover lia var det lassevis med snø. Det er artig med mykje snø gjennom skogen slik, trea var snøtunge og skogen stille. Vi dels traska og dels rende oss nedover lia, til vi kom inn på skogsbilvegen som går langs Strondlie, og kom att på Bergeenden øvst i Kveom.



Ikkje før her vart nista opna, og kakuskive med gräddost, spekepølse og purre gjekk ned på høgkant saman med Bounty og Gjendekjeks. Så fekk vi bilskyss ned att til to glade ungar, før vi henta att bilen i Synslia.



Vi tippar at det ikkje er mykje folk i dette området vinterstid, men det er merka turstigar frå Synslia. Fint og variert snaufjell, snøtung bjørkeskog, opne myrer og utsikt ned i dalen gjorde dette til ein veldig fin barnefri dag.

Sjette dag jul reiste vi til Randsverk, vi reiser ofte til Randsverk når vi skal ut. Her er det fint skogsterreng og gode moglegheiter for bålfyring. Det er fint å gå innover Fuglesetervegen, som er vegen frå Randsverk innover mot Glitterheim.



















I Randsverk var det fleire grader kaldare enn nede i bygda, og det tok ikkje veldig lang tid før Ingrid Marie fraus på føtene slik ho ofte gjer når vi er ute på tur om vinteren. Det er ei utfordring å halde varmen i toåringen, og særleg føtene er utsett. Derfor var det ein skikkeleg nedtur (i sær for Øyvind som er familiens sjølvautoriserte bålfyrar som fører eit strengt regime ikring bålet si utforming) at han ikkje fekk fyr på bålet før vi måtte gå attende fordi vesla fraus.

Dette var Jo Amund sin fyrste tur i pulk, og når han fyrst somna, gjekk det veldig fint. Han var god og varm i skinnfellen sin da turen var over. Denne dagen var Fuglehøe farga gulkvit av sola, og nede i skogen var det blått vinterljos. Slike fine vinterdagar håper vi på mange av utover vinteren!

onsdag 26. september 2012

Lavvotur til Sylvetjønne

Det er langt mellom langturane - men små turar kan også innehalde mange opplevingar! Vi har fått enda eit nytt familiemedlem sidan sist, Jo Amund som vart fødd i mai. Det betyr at når den største endeleg er stor nok til å kunne ferdast ein del i terrenget på eigen hand, kom det jammen ein til som må berast og trillast ei god stund framover. 

Jo Amund har hatt sin elddåp - lavvonatt ved Sylvetjønne ved Tesse i Lom. Vi hoppa i det, vi hadde lyst på tur og tenkte at ein gong må nå vera den fyrste med dei to små, så vi pakka eit relativt stort lass med saker og ungar pakka både framme og bak, og gjekk av garde. Det måtte vera eit under at vi fekk med oss alt i tillegg til dei to som skulle berast.




















Opp til Sylvetjønne er det i overkant av ein time å gå. Det er eit godt fiskevatn, og vi hadde både fiskestenger og fiskekort med i bagasjen. Ingrid Marie mista fiskestonga si tidlegare i sommar og den ligg nå på botn av Nedre Leirungen, så vi var innom i Randsverk og kjøpte ny i anledninga Sylvetjønntur. Det var stas! Den var fin og gul, og hadde snøre og snelle og dupp og greier.

Utpå kvelden var lavvoen kome opp, vi hadde installert oss med liggeunderlag og soveposar og tilværa var eigentleg heilt fin. Sirkuset starta da toåringen skulle i seng (soveposen) for å legge seg for kvelden - lite visste vi på førehand kor lite lysten ein toåring verkeleg kan vera på å roe seg for kvelden! Plutseleg var kvelden gått, vi hadde ein toåring som slettes ikkje ville sove, og vi kunne sjå langt etter det vi hadde sett for oss på førehand: Å rusle ned til tjønna med fiskestong, eller ligge i soveposen med ei bok, medan våre to små sov godt inne i lavvoen. Glansbildet av familieturen såg så visst annleis ut enn verkelegheita, og minna om den tida da vi fortsatt telta åleine vi to, verka ganske fjerne. Idyllen verka ganske fjern, for å seia det slik. Gjennom eit par-tre timar denne kvelden var Jo Amund den einaste som tok livet med ro og sovna til vanleg tid om kvelden, og han brydde seg visst ikkje fælt mykje om han skulle sove her eller der.














Men til slutt, tru det eller ei, så sov Ingrid Marie også. Ikkje hugsar eg korleis det gjekk til, men på eitt eller anna tidspunkt kapitulerte ho vel ved sidan av ein av oss. Øyvind tok resolutt med seg fiskestanga ut i natta, medan eg tok stand i soveposen, fortsatt rimeleg frustrert etter kvelden sine strabasar.

Natta gjekk nå som den måtte gå, det ville vore løgn å seia at vi sov godt heile natta og vakna utkvilte og blide om morgonen, men morgonen kom, med regnbyger og til dels gode vindtak.

 























Kva vi åt til frukost? Kjeks kanskje. Kaldvatn frå tjønna. Kakuskive med smøreost. Solan var med, han hadde tilbrakt natta ute, utan å kny. Ikkje verst av ein turhund som for tida er altfor lite brukt til tur, under ein himmel som regnslit og i god blåst over vidda. Vi fekk etterkvart velta bølingen ut av teltet. Vi rusla ein tur oppover for kanskje å kunne titte ned på Tesse, det store vatnet heimehøyrande i Lom på grensa til Vågå, mellom Tessfjellet, Veslevassfjellet og Trollhøe. Storparten av familien er her foreviga: Øyvind med Jo Amund på fanget, og nattens dronning Ingrid Marie, som held fast i staute Solan.




















Fiskestanga til Ingrid Marie var flittig i bruk, men duppen flaug med vinden og fisken var gøymd under ruskete bølgjer. Det er ikkje greit å vera liten fiskar i stri vind og med ein hund på slep som i mangel på atlfor mange turopplevingar det siste året får stand på kva det skal vera og er rimeleg vanskeleg å få kontakt med. Men Ingrid Marie er like blid!




















Ikkje var det greit å vera stor fiskar heller på Sylvetjønne denne helga. Snella til Øyvind rauk og vi kunne sjå langt etter fersk fisk. To andre som var ute med båt denne dagen måtte taue båten langs land, den lette plastbåten deira var rimeleg uvøren i vinden. Men dei kunne fortelja om eit vatn som var heilt "blikk asså" kvelden før vi kom, med fisk som vaka og god fangst på kroken.
















Jo Amund tok turlivet med stor ro. Godt innpakka og med puppen i nærleiken trivst han bra kvar som helst og er ein fornøygd kar å ha med seg. Ingrid Marie kosar seg stort med turlivet, bortsett frå dette med sovinga da, det er alltid noko å sjå og noko å finne på.
















Sundag gjekk turen nedatt, vi hadde glimt av sol, men vinden tok godt tak. Ja, vi har vore på telttur med båe dei to små nå. Ja, allting går. Nei, det var ikkje berre artig. Ja, vi fann att bilnøklane da vi kom ned til bilen att og ja, vi bur fortsatt i same hus. Og ja, det var jo ei artig oppleving likevel (slik sett i etterkant er akkurat denne turen kanskje finare nå etterpå enn der og da!).

søndag 13. februar 2011

Vinterturar

Sist vi skreiv så var det om eit labert turliv. Det har betra seg betrakteleg! Vi kan vel trygt seia at vi har vorte kasta inn i verkelegheita etter å ha flytta til Vågå. Det er nok å ta tak i, ny jobb, gammalt hus som skal pussast opp, familie i nærleiken, hundar som skal turast, unge som skal takast vare på, bøker som skal lesast... (For tida les vi Kåre Holt si bok Kappløpet frå 1974, ei annleis skildring av kappløpet mellom Amundsen og Scott til Sydpolen. Vi kan anbefale boka, som gjev ei ny vinkling av korleis tilværa var der nede for dei to og deira menn, hundar og hestar.)

Ellers så er jo sola på plass att - seinast i dag hadde vi ein kameralaus skitur til Skogbygda. Det har vorte fleire kameralause turar i det siste. Linsa til kameraet mitt er gått dukken, og ladaren til Øyvind sitt kamera finst vel ein stad i flyttelasset som ennå ikkje er utpakka og heller ikkje blir det på ei stund. Eit fantastisk vær med tjuge minus nede i dalen og reine påskestemninga opp mot snaufjellet. Ein flokk med kanskje ti ryper flaug opp, månen konkurrerte med sola på himmelen og utsikta mot Finndalen, Kvitingskjølen og Nautgardstind var så fin, hundane storkosa seg og det gjorde vi også, og sender ein takk til bestemor som trår til som barnevakt!

Ingrid Marie sin fyrste pulktur gjekk langs Lemonsjø-isen til hytta. Kodak drog pakkpulken samvittigheitsfull som vanleg, Solan laga krøll (som vanleg) og piler hit og dit og konkurrerer med Kodak, og eg trekte Ingrid Marie i sin pulk. Ellers har vi ikkje fått kjøpt oss vår eigen pulk enda, men det håper vi kjem ganske snart. Vi har endeleg kjøpt bæremeis (valet fell på ein Sherpani, god å bera, og også med god oppbevaringsplass), det er artig, men på kalde vinterdagar er det betre med pulk enn med meis der beina fort blir for kalde, sjøl om utsikta er god!

Så har vi endeleg kjøpt oss lavvo! Valet fall på Helsport sin modell Finnmark. Det sat langt inne hjå Øyvind som helst ville ha ein tradisjonell lavvo med bomullsduk, men med tanke på mellom anna pris og vekt enda vi opp med denne, som vi håper å bli fornøygde med. Ingrid Marie sov ein dupp i skinnfellen sin, vi steikte vaflar på Pelle-ovnen vi også har fått tak i med vaffeljernet vi fekk i bryllaupet vårt, og hundane tenkte eigentleg ikkje på noko anna enn vafler. Turen var forøvreg ikkje lang, vi pakka med oss vesla, reinsskinn, lavo og hundar med pulk og ski og susa nedover fortauet til vollane og smia til pappa, og det var ein heil liten ekspedisjon som farta ut frå Vågåmo.

I Randsverk innover mot Fuglesetrane har Randsverk grendalag sett opp ein fin gapahuk. Dit tok vi turen ein januardag, rusla innover Fuglesetervegen og Øyvind for på ski med hundane - som forøvreg ikkje er vanskeleg å be med ut på tur.


Så var turen kome til Søvollen i Rendalen og VM i hundekøyring - Femundløpet. Fyrste helga i februar tok vi turen over, trefte att gamle kjende, Øyvind tok ein tørn som funksjonær, vi trefte att kjentfolk og hadde ein kjempetriveleg dag attende i Rendalen. Vi kan anbefale å ta ein tur til sjekkpunkt Søvollen under Femundløpet - det er fint, triveleg og spennande, med god mat, triveleg seter og fin natur!

Det var eit fantastisk fint vær i Rendalen denne dagen. Dei som hadde tilbrakt natta ute kunne fortelja om ei fin oppleving om nordljoset som hadde flomma over himmelen kvelden før.

Kodak tykkjer det er spennande å lukte der alle desse "ordentlege" trekkhundane har vore...

... men han oversåg heldigvis (for musa) denne vesle firføtte som meska seg i mandlar og anna godt som nokon hadde mista i snøen. Ho hadde teke ein mandel mellom frambeina og sat og gnaska og åt og la ikkje merke til oss før vi var nokså nærme. Da stakk ho hovudet inn i grastusten og "gøymde" seg - trudde ho. Dette måtte vel vera eit retteleg herremåltid for ei svolten vintermus!

Ingrid Marie har det storvegs i meisen, og kjedar seg ikkje eit sekund så lengje ho har oversikt og utsikt. Og sit bakpå der og preiker og stirer og sparkar med beina, og ingenting kunne vore artigare!



Så tok ho seg ein blund oppå Søvollen. Eller det var det vi trudde - eit kjapt blikk nedi pulken avslører at ho hadde slettes ikkje tid til å sova bort denne fine VM-dagen!

onsdag 29. september 2010

Haustkveldtur med bål og Sølen-utsikt...

Vi hadde gleda oss over storstilt haustver i fleire dagar, og endeleg fekk vi komme oss opp av dalen og opp til utsikta, te klår og vinterleg luft i herlege omgjevnader ved Nysetra på Finstad.

Det var elgjakt ved Nysetra og eit lag var nok ute, for vi høyrde seinare på kvelden rifleskot frå skogen. Det vart ein kjapp motbakke før vi var oppe over bjørkeskogen og kunne sleppe hundane utan å forstyrre jakte meir enn naudsynt.
Vi var i lag med Øyvind frå jobben denne dagen. Han er vilteksperten, og det var tolking av sporteikn, fugleobservasjonar, og eit sleivprang til et mogleg kulturhistorisk funn i ei kløft på vår veg. Bilder vi tok på turen skal oversendes ein annan for å få svar på om kva det kunne være.
Vi fekk ein fantastisk utsikt over heile den nordre delen av Rendalen. Med Sølen i sør og Rondane i vest. Det var haust, litt vinter, men mest av alt ein god, kald haustkveld med bålfyring og kaffe, kos i varme klede for vesla og ein fri onsdagskveld for Solan og Kodak.

Takk for turen, alle fem!

mandag 16. august 2010

Nedre Leirungen - vesla sin fyrste telttur


Fem veker gamal var Ingrid Marie på sin fyrste telttur. Vi gjekk eit par kilometer inn langs Nedre Leirungen i Vågå, sette opp telt på ein fin odde, hadde med teppe og jervenduk og sovepose, og rigga oss til.

Det vart bleieskift i jervenposen ved kveldsbålet. Det var tydelegvis litt stas, for ho var blid heile tida.

Vesla sov som ein stein heile natta - slik som ho plar gjera. Når ein liker å ha det lunt og godt, så er det vel ikkje noko som kan vera stort betre enn å liggje mellom mamma og pappa nedpakka i ullpysj, ullpledd, sovepose og jervenduk!

Hundane sov ute i lyngen og var rolege heile natta, og storkosa seg. Litol låg ved bålet og kosa seg.

Mykje å sjå på! Øyvind har fyra bål ved vatnet, og vi kosar oss. Litt meir styr med klede og mating enn ellers, men det gjekk bra. Så fkk eg vore på telttur i sommar også, og vi er glade for å erfare at det er relativt lettvint å reise på tur sjølv om vi har ei lita ei!

tirsdag 27. juli 2010

Eit nytt turliv!

Etter at det kom ei lita ei i hus i byrjinga av juli, har det for alvor gått opp for oss at turlivet får ein ny dimensjon i tida framover. Men sjølv om turane blir annleis, er vi glade for å sjå at vi fortsatt kan reise på tur. Det gjeld å finne turar der ein kan trille vogn, samtidig som det fint går an å ta avstikkarar med bæresjal som vi bruker. Der kosar vesla seg inni.

Det er ferietid, og vi har vore ein del på hytta ved Lemonsjøen. Ein finværsdag gjekk turen innover Veodalen. I Veodalen er det utsikt til høge fjell, og det gjer godt å sjå dei sjølv om i hvertfall ikkje eg kjem til å kunne reise på "ordentleg" tur denne sommaren.

Fiskestong var med. Det vart ingen fangst i Veo, som var grå av brevatn. I ein bekk ved den eine Rindtjønna derimot var det ein som beit på kroken. Så medan Øyvind prøvde fiskelykka, fekk vesla mat og etterpå sovna både ho og eg og hundane i lyngen. 

Så lengje vesla får mat akkurat når ho vil, så trivst ho ute, så å vera i friluft heile dagen var uproblematisk. Det er vi glade for! :) Og hundane treivst som vanleg på tur.

onsdag 30. juni 2010

Sommar i Rendalen

Turar er for tida avgrensa til stort sett mindre rusleturar ikkje langt frå heimen. Men litt blir det da! Her om kvelden, eit par dagar før veslejenta skulle sjå dagens ljos, var vi ved Mistra. Ei fin fiskeelv, som skjærer seg ned gjennom bratte juv og går ut i Rena ved Åkrestrømmen. Da vart det ein kveldstur i ulendt terreng oppover langs elva. Hundane storkosa seg, det er utfordrande og artig å ta seg fram i steinur og vanskeleg terreng. Ikkje minst er det bra for Solan å få trena opp koordinasjonen og framkomstevna si. Kodak har jo vore med i slik terreng frå han var liten, medan Solan har langt mindre erfaring. Men han er flink, og berre han veks litt til og byrjar å få med seg både hovud og kropp på det han gjer, så blir det nok bra! Men sjølvsagt: Kamera var ikkje med i går kveld. Det burde det vore, for det var ein fin tur!

Det vart ingen fisk i denne vesla tjønna, med smågjedda var observert, og turen denne junidagen var triveleg. Slike idyllar finn vi ikkje langt frå døra!

Solan plumpa i eit gjørmehol. Ei litt traumatisk oppleving, og det var bra at matfar var i nærleiken, for å kave seg opp frå holet ville nok ikkje gått for eigen maskin. Etter ei lita pause, var Solan i full vigør att, og dusjen var grei å ha når vi kom heim.

Kodak på St. Hans-feiring ved Rena. Ingen fisk denne gongen, men i ettertid har Øyvind fått tre fine, den eine ekstra fin, og god som middag.

Solan nyt å fortsatt kunne springe fritt innimellom. Eldstemann Kodak har ikkje lenger den same friheita sommarstid, men får fortsatt springe noko i haust- og vinterfjellet. Det er sunt og godt å bevege seg fritt innimellom. Korleis det blir med Solan når han blir stor, er vi usikre på, innkallinga på han er langt vanskelegare enn med Kodak. Her var det godt å lange ut!