Tredje dag jul var Øyvind på tur saman med Solan, medan eg var heime med ungane og kun tok turen ut for å gå på butikken den dagen. Slik var det. Eller, vi var med og køyrde Øyvind oppi Skogbygda, der Ingrid Marie gjekk sine 20 meter på ski med julenye skistavar. Øyvind og Solan gjekk turen frå bommen på Slådalsvegen via Rishovda og ned til Vines og Lundalykkja.
Solan liker å trekke, og gjorde ein god jobb framfor pulken på turen. Ingrid Marie og eg sat og åt den sist knuste pepparkakeelgen ved vindauget i gangen heime då Øyvind kom akande på pulken ned Gardsøyjordet om ettermiddagen. Det er ikkje verst å bu slik til at ein kan ta skia heilt heim sjølv om ein bur i sentrum.
Den femte dagen i jula hadde vi barnefri! Barnefri i heile fire timar - det seier seg sjølv at tida måtte nyttast godt. Vi tok bilen opp til Synslia, eg smurde med rosa, og straffa var å gå på hendene oppover lia. Øyvind krusa som alltid oppover på sine smørefrie plankar. Vi tok vegen til venstre for den nedfalne plassen Nedre Bakken, oppover mot Rognhøe og inn Krossdalen. Frå der fulgte vi fjellsida austover mot Kleivhøe. Det bles og var til tider kvit sikt. Snøen bar stort sett godt, men fleire stader var det sprekker i snøen og til dels store snøskalvar. På nordsida av Strondseterhøe hadde det gått eit ras, så det er tydeleg at det er lurt å halde seg borte frå hellingane når ein traskar i fjellet om dagen.
Oppi snaua var snøen gulflekka ispedd brunsvarte kuler. Reinlaven var
tynnsliti av beiting av reinen som for tida går i Heimfjellet. Solan tykte sjølvsagt det
lukta fortreffeleg, og var rimeleg retningsustabil i selen gjennom reinstrakket. Vi var oppom Kleivhøe ein liten tur, og
frå der er det god utsikt nordover Vågåvatnet, innover
Nordheringsfjellet og mot bygda.
Turen nedover att gjekk langs bekken aust for det som på kartet heiter Risbrothaugen. I bjørkeskogen nedover lia var det lassevis med snø. Det er artig med mykje snø gjennom skogen slik, trea var snøtunge og skogen stille. Vi dels traska og dels rende oss nedover lia, til vi kom inn på skogsbilvegen som går langs Strondlie, og kom att på Bergeenden øvst i Kveom.
Ikkje før her vart nista opna, og kakuskive med gräddost, spekepølse og purre gjekk ned på høgkant saman med Bounty og Gjendekjeks. Så fekk vi bilskyss ned att til to glade ungar, før vi henta att bilen i Synslia.
Vi tippar at det ikkje er mykje folk i dette området vinterstid, men det er merka turstigar frå Synslia. Fint og variert snaufjell, snøtung bjørkeskog, opne myrer og utsikt ned i dalen gjorde dette til ein veldig fin barnefri dag.
Sjette dag jul reiste vi til Randsverk, vi reiser ofte til Randsverk når vi skal ut. Her er det fint skogsterreng og gode moglegheiter for bålfyring. Det er fint å gå innover Fuglesetervegen, som er vegen frå Randsverk innover mot Glitterheim.
I Randsverk var det fleire grader kaldare enn nede i bygda, og det tok ikkje veldig lang tid før Ingrid Marie fraus på føtene slik ho ofte gjer når vi er ute på tur om vinteren. Det er ei utfordring å halde varmen i toåringen, og særleg føtene er utsett. Derfor var det ein skikkeleg nedtur (i sær for Øyvind som er familiens sjølvautoriserte bålfyrar som fører eit strengt regime ikring bålet si utforming) at han ikkje fekk fyr på bålet før vi måtte gå attende fordi vesla fraus.
Dette var Jo Amund sin fyrste tur i pulk, og når han fyrst somna, gjekk det veldig fint. Han var god og varm i skinnfellen sin da turen var over. Denne dagen var Fuglehøe farga gulkvit av sola, og nede i skogen var det blått vinterljos. Slike fine vinterdagar håper vi på mange av utover vinteren!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar