Fyrst på sommaren er det alltid interesse for
om bærlyngen blomar. Litt seinare er interessa knytt til om det finst små
umodne bær på lyngen, bær som kan kome til å vekse seg store, modnast når det
lir ut i august. Så når august kjem, ligg det ei forventning i lufta. Etter å
ha titta ned i skogbotn heile sommaren, leiter augo mine nå etter bæra. (Det er
viktig å peike på at eg er ingen bærnerd. Eg nyt sommaren på anna vis også, for
all del. Morgonsol, sol frå skyfri himmel, solnedgang og nattehimmel. Det er
slik denne sommaren har vore.) Det er blåbæra eg er interessert i. Tytingen er
vel og bra den, men sundagsmiddagar og julemiddagar der tyting er påkravd er så
sjeldne. Blåbæra derimot, ho kan etast der og da. Eller ho kan plukkast ned i
bærspannet, takast med heim og leggast på glas eller inn i fryseboksen.
Årets beste bæroppleving fann stad i
Rendalen. Rendalsskogen som eg ofte lengtar attende til. Blåbæra telte så mange at eg ikkje visste kvar eg skulle starte. Skulle eg arbeide systematisk
frå tuve til tuve i rett line fram mot furua der borte? Eller skulle eg berre
slappe heilt av og plukke rundt dei finaste tuvene, plukke berre den største
bæra? Bær som er så store at fireåringen samanliknar dei med blåbæra i
butikken, den frå Marokko. Til slutt la eg meg ned i lyngen og plukka alt som
var innan rekkevidde. Åla meg bortover, nytt terreng, same prosedyre. Kvild.
Kos. Eg plukka ikkje mykje. Eg går ikkje berserk med bærplukkaren, for å seia
det slik. Det er liksom litt juks det, kosen blir borte, kjensla av arbeid trer
inn når plukkaren blir funne fram. Nei, det skal plukkast på gamlemåten, fingrane
skal bli blålilla.
Fireåringen kosar seg i bærskogen.
Plukkar, er mest interessert i tytingen, som ikkje er moden enda. Sit på kne
nedi lyngen, skravla går. Vi samarbeidar, vesla og eg, vil den eine ha tyting
og den andre båbær, så er det slik det blir, det er klart.
Men sjølvsagt, ein skal ikkje slite seg ut
med plukkinga heller. Det er tid til å finne fram strikketøyet, søkke ned i
mjuk skogbotn og ta nokre omgangar med strikkepinnene, lytte til stilla,
sauebjeller langt unna, nyte utsikta over tjønna. Drikke ein tekopp. Ta ein
kjeks.
Det er ikkje berre
bæra som er bra med blåbærskogen. Det er sjølve skogen også. Den opne skogen
med furu og ei og anna bjørk og gran, kanskje ei lita rogn. Skogbotn med
bærlyng ispedd kvit mose. Legg du deg på magen, kviler haka i hendene og rettar
blikket ned i skogbotnen, finst det ei heil verd framom augo dine. Det er små
kvite trompetar. Små blomar du elles ikkje ser. Små
vesen som har kvardagen sin nedi her som kravlar seg fram i det kuperte terrenget.
Former og farger du elles ikkje ser når augo ser verda frå ein meter og
sekstifem.
Heime på kjøkenbenken står det nå sju glas
med blåbærsyltetøy, og eg ser det er ein og annan umoden tyting som lyser opp i
dei ellers mørkeblå glasa. August altså. Det er liksom ikkje måte på kor ein
kan kose seg når skogen står trygt rundt ein, skogbotnen er mjuk og bæra
bugnar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar