turugla
UTE | skogen | fjellet | ungar | hund | rusle kort | traske langt | bålkos | teltliv
lørdag 4. oktober 2014
Ny bloggside - www.turugla.no
Det vil ikkje lenger bli lagt ut skriveri på denne sida. Ny blogg heiter www.turugla.no. Ta gjerne ein titt der!
onsdag 17. september 2014
På bærtur i Rendalen
Fyrst på sommaren er det alltid interesse for
om bærlyngen blomar. Litt seinare er interessa knytt til om det finst små
umodne bær på lyngen, bær som kan kome til å vekse seg store, modnast når det
lir ut i august. Så når august kjem, ligg det ei forventning i lufta. Etter å
ha titta ned i skogbotn heile sommaren, leiter augo mine nå etter bæra. (Det er
viktig å peike på at eg er ingen bærnerd. Eg nyt sommaren på anna vis også, for
all del. Morgonsol, sol frå skyfri himmel, solnedgang og nattehimmel. Det er
slik denne sommaren har vore.) Det er blåbæra eg er interessert i. Tytingen er
vel og bra den, men sundagsmiddagar og julemiddagar der tyting er påkravd er så
sjeldne. Blåbæra derimot, ho kan etast der og da. Eller ho kan plukkast ned i
bærspannet, takast med heim og leggast på glas eller inn i fryseboksen.
Årets beste bæroppleving fann stad i
Rendalen. Rendalsskogen som eg ofte lengtar attende til. Blåbæra telte så mange at eg ikkje visste kvar eg skulle starte. Skulle eg arbeide systematisk
frå tuve til tuve i rett line fram mot furua der borte? Eller skulle eg berre
slappe heilt av og plukke rundt dei finaste tuvene, plukke berre den største
bæra? Bær som er så store at fireåringen samanliknar dei med blåbæra i
butikken, den frå Marokko. Til slutt la eg meg ned i lyngen og plukka alt som
var innan rekkevidde. Åla meg bortover, nytt terreng, same prosedyre. Kvild.
Kos. Eg plukka ikkje mykje. Eg går ikkje berserk med bærplukkaren, for å seia
det slik. Det er liksom litt juks det, kosen blir borte, kjensla av arbeid trer
inn når plukkaren blir funne fram. Nei, det skal plukkast på gamlemåten, fingrane
skal bli blålilla.
Fireåringen kosar seg i bærskogen.
Plukkar, er mest interessert i tytingen, som ikkje er moden enda. Sit på kne
nedi lyngen, skravla går. Vi samarbeidar, vesla og eg, vil den eine ha tyting
og den andre båbær, så er det slik det blir, det er klart.
Men sjølvsagt, ein skal ikkje slite seg ut
med plukkinga heller. Det er tid til å finne fram strikketøyet, søkke ned i
mjuk skogbotn og ta nokre omgangar med strikkepinnene, lytte til stilla,
sauebjeller langt unna, nyte utsikta over tjønna. Drikke ein tekopp. Ta ein
kjeks.
Det er ikkje berre
bæra som er bra med blåbærskogen. Det er sjølve skogen også. Den opne skogen
med furu og ei og anna bjørk og gran, kanskje ei lita rogn. Skogbotn med
bærlyng ispedd kvit mose. Legg du deg på magen, kviler haka i hendene og rettar
blikket ned i skogbotnen, finst det ei heil verd framom augo dine. Det er små
kvite trompetar. Små blomar du elles ikkje ser. Små
vesen som har kvardagen sin nedi her som kravlar seg fram i det kuperte terrenget.
Former og farger du elles ikkje ser når augo ser verda frå ein meter og
sekstifem.
Heime på kjøkenbenken står det nå sju glas
med blåbærsyltetøy, og eg ser det er ein og annan umoden tyting som lyser opp i
dei ellers mørkeblå glasa. August altså. Det er liksom ikkje måte på kor ein
kan kose seg når skogen står trygt rundt ein, skogbotnen er mjuk og bæra
bugnar.
mandag 15. september 2014
Haustkveld i Jetta
Sommaren vil ikkje gje seg, sola varmar fortsatt om dagane. Kvar dag. Hausten syner seg mest om natta og om morgonen, med fuktig luft og skodde, fram til sola varmar det heile opp.
Det er fredag ettermiddag i midten av september. Eg pakkar teltet, soveposen og liggeunderlaget, niste til Solan og meg, termos og strikketøy. I femtida køyrer vi opp i Jetta. Ruslar i ti-femten minutt, til eg ser mot Finndalen mot nordvest. I aust stikk tårnet på Blåhø opp, og til høgre står Skagsnebb og kikar ut over Vågå og Ottadalen.
Teltet blir sett opp på eit kvitt teppe. Her oppe er bakken dekt med kvitkrull og kjerr, rundt ikring ligg større steinar, fine å sette ryggen mot når ullundertrøya skal strikkast og sola fargesprakande skal avslutte dagen. Det er berre å sette seg til rette å vente. Nokre omgangar med rettstrikk, Solan får kose seg med kvalkjøt, og saman ser vi at sola går over Skaihøe og senker seg ned - akkurat over Finndalen. Himmelen er skyfri, og solstrålene har ikkje mykje å spele på. Desto meir konsentrerte blir fargane, og med eitt er det slutt - sola er borte bak fjella. Klokka er halv åtte.
Solan får overnatte i teltet saman med meg, og er tilfreds med det. Natta er prega av hektisk aktivitet utanfor teltduken, to ryper har det travelt og skravlar jamnt og trutt i lengre tid. Om morgonen åler Solan seg nesten ned i soveposen min. Dette er kvalitetstid, og han er synleg blid. Kvart over seks er vi ute, vi ser skodda som ligg slørete i terrenget, og månen som står høgt på himmelen i sør. Det er enda ei stund til sola kjem opp over Jetta. Inn i teltet att, må skunde meg å slappe av når eg fyrst har heime- og barnefri! Kondensen gjer at dråpane heng i telttaket. Etter ei stund med døsing ser eg at teltet lysnar opp. Eg opnar glidelåsen i teltet, og i aust karrar sola endeleg seg opp over Jetta.
Ved ellevetida morgonen etter er vi nede i bygda att. Det treng ikkje vera meir enn dette, ein kveld, ei natt og ein morgon i friluft, og vips, så er eit nytt turminne i boks!

Kveldssola står over Skaihøe. |
Solan tykkjer det er eit styr når eg skal ta fjellselfie. |
"Leiren" etablert, tid for kos! |
Solan kan også nyte solnedgangen. Og kvalkjøt dug som kveldsmat. |
Sola rullar ned langs fjella. |
... og der er dagen nesten slutt. |
Så er det morgon, og Skagsnebb har rosa slør. |
tirsdag 12. august 2014
Blåbærskogen
Det er tydeleg eit godt år for blåbæra. Ein liten kveldstur oppi lia avslører eit hav av blåbærlyng som bugnar av bær store som klinkekuler. Nesten. Variasjonen består av markjordbær og villbring som gladeleg stikk seg fram langs skogsbilvegen - og villbring må vera det beste som finst.
Etter regnværet er skogen blaut og ljoset fint. Det luktar skog. Kveldssola lyser opp i vest. Skogen er djup grøn og furuene er som alltid skogen sine finaste tre. Skogbotn er eit hav av grøne nyanser. Når kveldssola står på blir det eit grønt ljosspel. Eg har ikkje med noko å plukke i denne kvelden, med andre ord kan bæra nytast der og da med godt samvet.
Einar Skjæraasen skreiv eit dikt om skogen. Om juni-skogen, rett nok.

Jeg vil til skogen
Jeg vil til skogen, - jeg vil til våren
der tiurleiken går glad og yr.
Om fuglen flyger, - jeg har mitt bytte,
hvis du har sinn til å se og lytte
er tiurnatta et eventyr!
Jeg vil til skogen, - vil ut å fiske
langs ørretelv og ørrettjønn.
Og får jeg ikke en fisk å steke,
da er det fangst nok å gå og reke
og se at natta er junigrønn.
Jeg vil til skogen og ligge ute
med øks og skreppe og kaffikjel,
på granbarlaken og mosapute
og kjenne frihet i kropp og sjel!
Eg og, Einar Skjæraasen.
Eg og, Einar Skjæraasen.
fredag 8. august 2014
I skodde mot Austanbotntindane
Det er gebursdag, og dagen min skal feirast i fjellet. Ungane skal vera att på hytta, og kvelden før vart vi samde om turmålet: Vi skal parkere i Veodalen, går innover Trollsteinkvelven, og skal opp på Svartholshøe, Trolslteinrundhøe, Dronningje og Trollsteineggje, eller så langt vi kjem. Kort køyring, grei værmelding. Vi vaknar fredags morgon fyrste august, på frukosttallerkenen min finn eg eit par sirleg strikka ullsokkar med godteri inni, pakka inn i papirpose frå Bakeriet i Lom, ute dett regnet ned frå eit tungt skydekke. Vel, vi ordnar oss avgarde likevel, set oss i bilen og køyrer oppover hyttevegen. Vi skal svinge til høgre, men hei, Øyvind svingar til venstre! Skal vi ikkje til Veodalen likevel? Det syner seg at ein del av gebursdagen min er replanlagt under dyna kvelden før utan mi deltaking, og turmålet er for min del uvisst.
Vi køyrer vestover. Etter tjue minutt kjem eg på at nista heng att i skålen på hytta. Den gode nista vår, lompe med bacon og allting! Det blir baguettar frå Rema 1000 i staden. Eg veit at Øyvind har ein hang til Hurrungane, der han har tilbrakt mykje tid i høgda. Eg nyttar elimineringsmetoden etterkvart som vi køyrer. Vi skal ikkje inn Visdalen, neivel. Ikkje til Juvasshytta, og neimen ikkje Leirdalen heller. Da står det att berre turen over Sognefjellet, og målet kan ikkje vera anna enn Hurrungane. Vi parkerer ved Berdalsbandet ved Tindevegen etter å ha teke av frå fylkesveg 55 ved Turtagrø. Målet for dagen er Store Austanbotntind. Eg gler meg, for ei fin overrasking på gebursdagen!
Vi har fortrengt det faktum at det tunge været har fortsett å hengje ved oss vestover. I det vi går frå bilen startar regnet - igjen. Det går ikkje veldig lengje før vi er gjennomblaute, men turen oppover ryggen går lett, og høgdemetrane ligg att bak oss. Utsikt har vi ikkje, berre steinura og innimellom fast fjell under oss. Ryggen oppover er lett å følgje.
Sikta er kort. Vinden kjem frå sørvest og skodda susar vassrett rundt oss med vinden. Etterkvart kjem vi så høgt opp at stupet mot nord blir synleg, men botn ser vi aldri, skodda ligg tett rundt oss mest heile denne turen. På toppen av Vestraste Austanbotntind (2020) er det mat og kjeks og avgjerd om å snu. Vi ser ikkje lenger enn vi strengt tatt må, og vil heller ha turen til Store til gode ein dag med sikt. Det er også glatt å ferdast på stein når det har regna jamnt dei siste timane. På tur ned att er det sludd og sterk vind. Ullgenser inst og dei blaute kleda utanpå gjer susen for varmen.
Solan kosar seg på tur, men det er utfordrande å klive i steinur og på store blokker. Med litt puffing frå oss går det greit, han viftar med halen når han treng hjelp, men legg seg flat når han blir usikker. På turen nedover att trippar han lett og glad med ein solid krøll på halen. Eikvar snøfonn blir rulla i og sprunge på. Det er noko med desse vinterhundane - ingenting kan bli betre enn snø.
Nede mot Berdalsbandet lettar veret på seg nordover. Ein avstikkar litt mot nord syner oss Berdalsbreen, blå og skitten og oppsprukke, med eit blågrønt vatn ved foten. I sekken har vi lagt fleire steinar som eg ikkje klarte å gå forbi, det blir mest alltid noko stein med heimatt frå fjelltur. Vi kan heller ikkje hjelpe for at vi føler litt glede over at toppane bak oss fortsatt ligg inne i styggeværet, det ville vore fortærande om det hadde letta nå når vi var nede att!
Ei god stund i sofaen i biblioteket på Turtagrø avsluttar turen. Inga gåve kunne vore betre enn eit par heimstrikka ullsokkar og topptur denne dagen, og vi har ein fin turdag.

Tåkeheim. |

Sjølv om utsikta er nærast fråverande, ser eg i det minste at det er bratt ned og at vi er høgt oppe. |
Solan kosar seg på tur, men det er utfordrande å klive i steinur og på store blokker. Med litt puffing frå oss går det greit, han viftar med halen når han treng hjelp, men legg seg flat når han blir usikker. På turen nedover att trippar han lett og glad med ein solid krøll på halen. Eikvar snøfonn blir rulla i og sprunge på. Det er noko med desse vinterhundane - ingenting kan bli betre enn snø.
Mot Berdalsbreen. |
Nede mot Berdalsbandet lettar veret på seg nordover. Ein avstikkar litt mot nord syner oss Berdalsbreen, blå og skitten og oppsprukke, med eit blågrønt vatn ved foten. I sekken har vi lagt fleire steinar som eg ikkje klarte å gå forbi, det blir mest alltid noko stein med heimatt frå fjelltur. Vi kan heller ikkje hjelpe for at vi føler litt glede over at toppane bak oss fortsatt ligg inne i styggeværet, det ville vore fortærande om det hadde letta nå når vi var nede att!
Ei god stund i sofaen i biblioteket på Turtagrø avsluttar turen. Inga gåve kunne vore betre enn eit par heimstrikka ullsokkar og topptur denne dagen, og vi har ein fin turdag.
lørdag 12. juli 2014
Finndalen ein finversdag
Tenk at det finst slike plassar som Finndalen! Sola steiker nede i bygda, og vi pakkar bøtter og spann og spader i bilen, køyrer kanskje 20 minutt, parkerer bilen, og kan så og seie gå rett ut på ei finkorna sandstrand. Kyrne rauter på jordet i nærleiken, eit lam blir akutt morsmjølktørst i det vi går forbi og syg seg på mor si, og på setrene steller folk med sitt. Her vi stoppar renn Finna roleg forbi. Vi vassar utpå ein sandbanke, ungane kan boltre seg i sand og vatn som dei vil. Eit smågodt blir brukt som agn på kroken på den vesle fiskestanga, men minsten si fisking blir etterkvart som risikosport å rekne og vi tek kroken av. Fisk hadde det vel ikkje vorte uansett!
Eit stykke unna høyrer vi tora, etterkvart ser vi også lynet, så kjem buldringa nært innpå, vinden kjem som kasta på oss, solhattane flyg i vinden og vi vassar over elva og går attende til bilen. Etterkvart kjem skybrotet, men det gjer ikkje så mykje. Vi har hatt ei fin stund i Finndalen, og jorda treng vatn, så da er det i grunn greit at regnet kjem.
fredag 13. juni 2014
Gokkerdalen og Fossbotn til Sålell
Det er finvær når bilen blir pakka denne sundagsmorgonen i pinsa. Turen går opp gjennom Visdalen, og bilen blir parkert ved Visdalssetrene. Varmen slår mot meg når eg opnar bildøra. Det gjer også utsikta innover Visdalen.
Turen opp gjennom skogen frå setrene er varm. I trea er det stor aktivitet, fuglane syng, og gauken varslar sommaren ikkje så langt unna. Etterkvart kjem vi innpå stigen som går opp nord for elva Gokra. I underkant av ein time tek det før vi ruslar over tregrensa og ser innover dalen. Til høgre, mot sør, ligg Gokkeroksle som leier fram mot Trollsteinhøene, og til venstre, mot nord, ligg Lauvhøe.
Dalen er blaut og myrlendt. Solan finn lemen overalt. Fleire av dei ville nok redda livet om dei var litt mindre frampå. Solan tykkjer det er artigare dess hissigare dei er.
Nedafor Guristeinhaugen tek vi ein rast, og duppar av i junisola. Det er ikkje ei levande sjel bortsett frå oss i Gokkerdalen denne dagen. Vel - inga levande sjel, men kanskje Guri, som steinen har namnet sitt etter, fortsatt ruslar ikring her aleine. Historia fortel at Guri eingong vart teke livet av her, av fantar. Eg ser nå ingenting til ho heller.
Vidare går turen forbi Kitilbotthaugen. Eg er litt i tvil om kvar turen skal gå vidare. Eg kan leggje meg til her for natta, men det er fortsatt tidleg ettermiddag, og eg har meir lyst til å gå oppover til Bandet og sjå korleis det ser ut i dalen på andre sida. Det er alltid spennande å sjå korleis det ser ut på andre sida.
Store snøfonner ligg att i austsida av Bandet. Solan og eg står på sko ned, og står etter ei lita stund nede i Fossbotn. Her er det raskare å gå, ikkje så mykje kjerr og kratt og heller ikkje så blautt som i Gokkerdalen. Vi går over grusrygger, steinrøyser og nokre små myrer, og etter ei stund kjem vi til elva som kjem ned Elgsløyfte, mellom Lauvhøe og Einsteinhovde. Elva deler seg her, og vi vadar over. Blaute kjem vi fram til Fossbottjønne, finn ei kvit, mosegrodd flate og slår opp teltet. Middagen deler vi i to, noko Solan er særs nøgd med. Utpå ettermiddagen kjem regnet, og vi kryp innomhus.
Det er regn og vind fyrste delen av natta, og fram til morgonen har vi ei nattaktiv rype nokså tett innpå. Solan søv nær sagt oppå soveposen min heile natta, og kan nok ikkje ha det stort betre. Det var eit hårete telt eg vakna opp til morgonen etter. Morgonen kjem, Solan deler ut bamseklemmar til "alle" i teltet og ute skin sola gjennom lågt skydekke.
Frukost og pakking, og så ruslar vi vidare nedover mot Fossetrin. Eg hadde eigentleg tenkt meg gjennom Smådalen, men etter å sett nærare på kartet finn eg ut at både øvre og nedre Grotåe kan vera trasige å koma over så tidleg på sommaren. Den turen får eg ta ein annan gong. Eg tek heller nordover, og følgjer vegen til Sålell og Soleggen. Litt skuffa over at det ikkje vart noko av Smådalen, kan eg heller nyte utsikta mot stupa i nordsida av Nørdre og Austre Trollsteinhøe. Ikkje verst det heller!

Gokkerdalen. Gokkeroksla til høgre, og Finnshalspiggen inst. |

Solan har mest lyst vidare. Frå Kitilbotthaugen. |
Store snøfonner ligg att i austsida av Bandet. Solan og eg står på sko ned, og står etter ei lita stund nede i Fossbotn. Her er det raskare å gå, ikkje så mykje kjerr og kratt og heller ikkje så blautt som i Gokkerdalen. Vi går over grusrygger, steinrøyser og nokre små myrer, og etter ei stund kjem vi til elva som kjem ned Elgsløyfte, mellom Lauvhøe og Einsteinhovde. Elva deler seg her, og vi vadar over. Blaute kjem vi fram til Fossbottjønne, finn ei kvit, mosegrodd flate og slår opp teltet. Middagen deler vi i to, noko Solan er særs nøgd med. Utpå ettermiddagen kjem regnet, og vi kryp innomhus.
Regnet er på veg over Lauvhøe. |
Kaka i bladet såg bra ut, men Bounty er ikkje så verst det heller! |
Det er regn og vind fyrste delen av natta, og fram til morgonen har vi ei nattaktiv rype nokså tett innpå. Solan søv nær sagt oppå soveposen min heile natta, og kan nok ikkje ha det stort betre. Det var eit hårete telt eg vakna opp til morgonen etter. Morgonen kjem, Solan deler ut bamseklemmar til "alle" i teltet og ute skin sola gjennom lågt skydekke.
Lauvhøe med lugg. Fin morgon! |
Hei! Lyst til å dele frukosten eller? Øvre Fegra og Storfonne i bakgrunnen. |
Frukost og pakking, og så ruslar vi vidare nedover mot Fossetrin. Eg hadde eigentleg tenkt meg gjennom Smådalen, men etter å sett nærare på kartet finn eg ut at både øvre og nedre Grotåe kan vera trasige å koma over så tidleg på sommaren. Den turen får eg ta ein annan gong. Eg tek heller nordover, og følgjer vegen til Sålell og Soleggen. Litt skuffa over at det ikkje vart noko av Smådalen, kan eg heller nyte utsikta mot stupa i nordsida av Nørdre og Austre Trollsteinhøe. Ikkje verst det heller!
Austre til venstre og nørdre til høgre, Trollsteinhøe. På veg mot Sålell. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)