Skogen borti fjellet var fin i dag, med lassevis av laus snø og snøføyke. Mogleg Arne Garborg syner ei svartmåling av livet i
Vinterstorm, men diktet er nå litt artig likevel, og nokon gonger er nå dagane slike - at vinterstormen berre kan fara avgarde med alt som ikkje er så greitt!
Vinterstorm
Å lat det bure, å lat det braka;
lat huset riste og tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Der døyver tankane litegrand.
Um stormen tok både hus og hytte, -
der var eit bil då eg mindre sytte.
Um jordi gav seg i djupe grunn, -
då fekk eg gløyme ei liti stund.
Um sky datt ned som på himlen flakkar, -
um havet braut yvi alle bakkar,
ja, um all verdi seg søkkte ned, -
so var det slutt og so vart det fred.
 |
| Vestaværet har banka snøen fast på trestammene. |