fredag 13. juni 2014

Gokkerdalen og Fossbotn til Sålell

Det er finvær når bilen blir pakka denne sundagsmorgonen i pinsa. Turen går opp gjennom Visdalen, og bilen blir parkert ved Visdalssetrene. Varmen slår mot meg når eg opnar bildøra. Det gjer også utsikta innover Visdalen.

Turen opp gjennom skogen frå setrene er varm. I trea er det stor aktivitet, fuglane syng, og gauken varslar sommaren ikkje så langt unna. Etterkvart kjem vi innpå stigen som går opp nord for elva Gokra. I underkant av ein time tek det før vi ruslar over tregrensa og ser innover dalen. Til høgre, mot sør, ligg Gokkeroksle som leier fram mot Trollsteinhøene, og til venstre, mot nord, ligg Lauvhøe.

Gokkerdalen. Gokkeroksla til høgre, og Finnshalspiggen inst.


























Dalen er blaut og myrlendt. Solan finn lemen overalt. Fleire av dei ville nok redda livet om dei var litt mindre frampå. Solan tykkjer det er artigare dess hissigare dei er.

Nedafor Guristeinhaugen tek vi ein rast, og duppar av i junisola. Det er ikkje ei levande sjel bortsett frå oss i Gokkerdalen denne dagen. Vel - inga levande sjel, men kanskje Guri, som steinen har namnet sitt etter, fortsatt ruslar ikring her aleine. Historia fortel at Guri eingong vart teke livet av her, av fantar. Eg ser nå ingenting til ho heller.

Vidare går turen forbi Kitilbotthaugen. Eg er litt i tvil om kvar turen skal gå vidare. Eg kan leggje meg til her for natta, men det er fortsatt tidleg ettermiddag, og eg har meir lyst til å gå oppover til Bandet og sjå korleis det ser ut i dalen på andre sida. Det er alltid spennande å sjå korleis det ser ut på andre sida.

Solan har mest lyst vidare. Frå Kitilbotthaugen.


























Store snøfonner ligg att i austsida av Bandet. Solan og eg står på sko ned, og står etter ei lita stund nede i Fossbotn. Her er det raskare å gå,  ikkje så mykje kjerr og kratt og heller ikkje så blautt som i Gokkerdalen. Vi går over grusrygger, steinrøyser og nokre små myrer, og etter ei stund kjem vi til elva som kjem ned Elgsløyfte, mellom Lauvhøe og Einsteinhovde. Elva deler seg her, og vi vadar over. Blaute kjem vi fram til Fossbottjønne, finn ei kvit, mosegrodd flate og slår opp teltet. Middagen deler vi i to, noko Solan er særs nøgd med. Utpå ettermiddagen kjem regnet, og vi kryp innomhus.

Regnet er på veg over Lauvhøe.

















Kaka i bladet såg bra ut, men Bounty er ikkje så verst det heller!



































Det er regn og vind fyrste delen av natta, og fram til morgonen har vi ei nattaktiv rype nokså tett innpå. Solan søv nær sagt oppå soveposen min heile natta, og kan nok ikkje ha det stort betre. Det var eit hårete telt eg vakna opp til morgonen etter. Morgonen kjem, Solan deler ut bamseklemmar til "alle" i teltet og ute skin sola gjennom lågt skydekke.

Lauvhøe med lugg. Fin morgon!

















Hei! Lyst til å dele frukosten eller? Øvre Fegra og Storfonne i bakgrunnen.



































Frukost og pakking, og så ruslar vi vidare nedover mot Fossetrin. Eg hadde eigentleg tenkt meg gjennom Smådalen, men etter å sett nærare på kartet finn eg ut at både øvre og nedre Grotåe kan vera trasige å koma over så tidleg på sommaren. Den turen får eg ta ein annan gong. Eg tek heller nordover, og følgjer vegen til Sålell og Soleggen. Litt skuffa over at det ikkje vart noko av Smådalen, kan eg heller nyte utsikta mot stupa i nordsida av Nørdre og Austre Trollsteinhøe. Ikkje verst det heller!

Austre til venstre og nørdre til høgre, Trollsteinhøe. På veg mot Sålell.

lørdag 7. juni 2014

Grjothovdtjønne og Tesse

Mellom Randsverk og Tesse er skogen idyll. Denne junidagen var lydbildet i skogen mellom anna fylt av småfuglane sin song, ein hakkespett i intenst arbeid, tre kvinender i roleg trafikk på tjønna, plaska frå vakande fisk, og ein lett nordavind som innimellom tok eit drag.

Det er lite vatn i Tesse nå, og i Kalven i sørenden av vatnet er det berre temperaturen i vatnet som tek bort tanken om strandidyll. Attende til tjønna blir det ei stund med knekkebrød, brie, te og kamera i lyngen. Ein liten kjøtmeis kjem flygande og set seg i treet rett over meg, tittar på meg, flyttar seg til ei anna grein og skakkar på hovudet medan han ser på meg, før han tek til vengjene. Eg er nokså sikker på at han lurte på kva dette var til besøk.

Stranda i Kalven, Grjothovda bak.

Solan nyt etterlengta timar i skogen.

Kvinanda lev gode junidagar.