lørdag 28. desember 2013

Skogsturar, Randsverk

Desember, korte dagar. Gullrosa ljos frå sola som speglar seg i skyene. Dei korte skogsturane med bålfyring gjer seg godt i desember. Det er lite synleg liv i skogen. I det minste dersom ein kjem trommande med to høgrøsta småungar i følgjet. Men spor er det mykje av. Ekorn, elg. Det er mest det det går i. Og raudskjora som flyg anten stilt frå tre til tre kring bålplassen, eller som lagar eit svare leven når ho hissar seg opp. Snøen er djup i skogen denne desember-månaden, djup og laus.

Vesle julekvelden lot vi jul vera jul og køyrde til Randsverk. Eit lite bål, ein liten furuhaug med laussnø og jordbakke under - det var ein perfekt plass for herjing i snøen og graving etter skogen sine småtroll i hulene vi trur dei bur i nedi bakken. Eldstejenta diska opp med nista denne dagen - brødskiver med smør, stappa sirleg ned i matboksane. Pålegget sto vel att på kjøkenbenken. Nista smakte godt den - som den plar gjera når ein er ute! Ho er entusiastisk kring turlivet, og hadde sin fyrste telttur fem-seks veker gamal. Ofte tek ho initiativ til turar sjølv også, som den trivelege kveldsturen vi hadde tidlegare i haust. Blir spennande å sjå om veslepilten blir likeeins.

Glede og kos ved bålet. (Dei fantastisk gode luene er frå Mangesysleriet!)


Furutrea er stødige, trygge, fine. Lær ungane å halde rundt
eit tre dersom dei skulle bli borte frå deg i skogen,
i staden for at dei vandrar lenger og lenger unna på leit!


Liten turkar med stutte føt!

Skyene var kanta med rosa og gull vesle julekvelden.





































Fjerde dag jul var min aleinedag i jula. Turen gjekk igjen til Randsverk. Solan trekte viljugt gjennom skogen, men er litt vel ivrig etter å markere, og har vanskar for å lære å ikkje gå seg fast med bandet rundt trestammene.

Eit godt bål kom i stand, jervenduken var med, lefse med sylte, te og sjokolade. Heilt stilt, berre dei litt harde snøkorna som fell mot sekk og duk var å høyre, heilt til raudskjora iltert og høglytt gjorde sitt inntog i tretoppane over oss. Tre snøskutarar i reinsgjetinga si teneste for forbi eit stykke unna. Eit par gode timar ved bålet vart det denne romjulsdagen.

Solan, ein kjekk ein, høyrer mykje sjølv når det høyrest stilt ut i skogen.

Ro framom bålet.

Rinda sildrar stilt under snøbrua.