fredag 8. november 2013

På eit fang ved eit bål

Det er mørkt, vi ruslar innover Gjæsingvassvegen i Vågå, det er sein fredag ettermiddag. Det er mykje snø her oppe samanlikna med nede i bygda. Der nede såg vi månen, her oppe i skogen er det lågare skydekke og det er mørkt. Vi traskar nokre hundre meter innover vegen med Solan trekkande i front. Oppe i skogen finn vi ein snøfri flekk under ei fin furu. Bålet er fort gjort å tenne, vi har juksa med medbrakt ved, ei grei løysing når alt i skogen er fuktig og isete og vi skal vera ute berre ei lita stund. Bålet flammar opp, og snart brenn det godt i dei seks vedkubbane.

Langt blikk inn i bålet...

























Ingrid Marie blir ståande å sjå inn i bålet - det var nok akkurat dette ho ønskte seg når ho ville på fjelltur. Med fersk pizza og kaldvatn på termos sig ho ned på fanget og slappar av framfor bålet. Etter ei stund søkk ho saman, blir trøytt. Vil heim å leggje seg, seier ho. Bålet er i ferd med å brenne ut, og vi ruslar ned på vegen att. Oppe i den elles mørke skogen ser vi fortsatt ei boble av varmt ljos.

På eit fang ved eit bål.



















Vel heime sovnar ho før boka om Ugla som ville vise seg er ferdiglese. Eigentleg skulle eg skrive om ein kveldstur utan ungar. Men så fekk eg ein båltur i fanget i staden, ein fredagskveld når vi eigentleg berre skulle sulle heime. Tenk så heldig eg er som har ein unge som vil ha meg med på tur, eg kunne ikkje ønska meg noko anna.

Apropos tur i mørket - det er greitt å veta at eg ikkje er åleine om å sjå levande skuggar og få paranoide trekk etter mørket sitt frambrot. God lesnad om å vera mørkredd - les denne!

fredag 1. november 2013

Oktober

Denne hausten har vore den finaste på mange år. Været, fargene, lufta. Det har også vore ein travel haust, men vi har innimellom fått tid til litt hytte- og uteliv.

Lasta med smågodt, lompe og ost var vi rusta for eit døgn til fjells, vesla og eg, ein fredag efta etter jobb og barnehage. Veslehytta er rask å fyre opp. Vi benka oss inntil omnen med smågodtposen, før vesla raskt tok kvelden, lykkeleg av å vera på hytta.

Hyttestemning.




















Resten av kvelden var det berre meg sjølv eg trengte å tenkje på. Kjartan Fløgstad sin Pyramiden, portrett av ein forlaten utopi på øyret, om den i dag tomme gruvebyen Pyramiden på Svalbard, om gruvesamfunn generelt og gruvedrift også i overførte tydingar. Godt å både kunne høyre bok og legge opp 140 nye ullmasker i fred og ro. Sju stearinljos framfor meg og Solan god og fornøygd under senga. Ute: Fullmåne, kuldegrader, snødryss på bakken. Fantasi/ realitet: Må ringje Øyvind for bistand under dobesøk ute, kjapt inn att, altfor mange ukjende farer utanfor hyttedøra, viktig å feste kroken på døra godt, tryggast inne. Konklusjon: For mykje av skumle nyhende på Dagsrevyen og i nettaviser. Skikkeleg surt å vera mørkredd når det er så fint ute! Det er vel berre en konsekvens av at ein er for lite ute utanfor gateljosa sine trygge sirklar og utanfor trafikken sine vande lydkulisser. Kvelden var fin, natta god og stille.

Hytta er kald på morgonkvisten, og neste gong må vi hugse mat til granmeisen og dompapen som har matfat i furua utanfor vindauget. Laurdag morgon etter frukost, vart det bålfyring ved Storsteinen. Endeleg er bandtvangen over, Solan har det aldri betre enn når han får suse avstad mellom furuleggane, i vill fart, med tunga ut til venstre og fritt utløp for ei ellevill glede.

Morgonbål ved Storsteinen.



















Eitt sett av mine oldeforeldre, Rønnaug og Nils Amundsen, kom til Vågå på byrjinga av 1900-talet frå den vesle brattlendte plassen Staurustberget i Lom. Her hadde vi aldri vore, inntil for ein dag nå i oktober. Nordover mot Staurustgrenda på nordsida av Ottaelva går stigen i varm og lun furuskog, somme tider gjennom fuktig gran- og blandingsskog, heile tida nede ved elva.

Skogbotn lyser grønt.



















Ute på nokre steinar i elva såg vi plutseleg ei gås - eller? Bakketung og rar fasong, og ei gås heilt åleine? Verka rart. Plutseleg letta ho, og var i same augneblink ei ørn. Vinkelen vi såg ho frå spelte oss eit puss, og i nokre sekund kunne vi nyte synet av det lange vengjespennet til kongeørna der ho lett letta og svinga seg ut av synsfeltet vårt. Ingrid Marie si fyrste ørn på nært hald - begeistringa var stor!

Staurustberget må ha vore ein tungdreve, men solfylt plass. Murane etter gamle hus og ei nyare oppsett, men nedfalls stugu, øvst på jordet. Jordet er på tur til å gro att.

Staurustberget.



















Den store lerka eit stykke nede på jordet sto der kanskje også for hundre år sidan - ikkje utenkjeleg med den grove stamma og grå barken. Elles så var det ingenting som kunne fortelja oss meir om korleis det var å leva der. God utsikt vestover mot Skjåk var det nok den gongen, kanskje tok vinden godt tak. Kvar henta dei vatnet frå - helt nede i elva? Kva brukte dei jorda til, kva dyr hadde dei? Kva gjorde at dei bestemte seg for å ta vegen austover heilt til Vågå? Vi kunne sikkert funne ut meir om dette. Uansett er det ein fin følelse å sitte på same plassen som oldeforeldra mine kanskje også sat i fristunder, ved den store steinen nede på tunet.

Legg til bildetekst