søndag 9. mai 2010

Skogsturar i Rendalen

Det er endeleg vår, og vi har hatt mange fine småturar i nærleiken av der vi bur i Rendalen. Det er ikkje lange turane som skal til for at vi kosar oss, og turar i vårskogen er ypperleg også for hundane. Solan spring fortsatt laus og er flink til å kome på innkalling, så får vi sjå kor lengje det held. Kodak trekkjer i sele og ber kløv, og dei storkosar seg. Her er nokre bilde frå eftas- og kveldsturar rundt om i Haugsetlia våren 2010.

Skog er det nok av i Rendalen, og langs bekkefara er det ei fin blanding av tørr furuskog og fuktig granskog. Det er alltid noko å sjå på, og elgtrakk er det alle stader.

Spesielt Solan tykkjer det er spennande med vatn, og det blir artig å sjå om han legg på svøm i sommar. Kodak er absolutt ikkje dit hen kome enda, men vassar gjerne.

I helga fann vi ein liten idyll borti lia her. Her var det eit yrande liv med ender, og hundane vassa og sprang rundt i sivet.

Vedhenting (alle mann er med)...

... og det var lett å fyre bål. Hundane følgjer med endene i bakgrunnen.

Så vart det sein kveld, og Solan er liten enda og sovna fyrst på jervenduken med godlukt av ostesmørbrød i nasen, og seinare krølla han seg saman på reinsskinnet. Kodak graver seg "boso" nedi lyngen og kosar seg der frå klokka er omtrent ti om kvelden, og er generelt glad i å leggje seg nokså tidleg. Og ved halv elleve-tida rusla vi heim etter ein god laurdagskveld ute, med kaffe frå svartkjelen, te på termos, smågodt, ostesmørbrød og fuglebok og bållukt i hår og klede.