torsdag 11. mars 2010

Knutshø i Vågå, mars 2010

Endeleg langhelg att! Det er litt slik at når vi fyrst skal på tur, så er det mykje å velgja i og valet vanskeleg. Men vi enda opp med å reise vestover torsdag, overnatta heime i Vågå til fredag. Fredag reiste vi bortover fjellet mot Gjende og Knutshøe. Nede i bygda snør det og er grått. Men når vi kjem oppover fjellvegen stiller det seg annleis - vi har kome over skylaget og været kunne ikkje vore betre!
Valdresflya er vinterstengt, og bilen blir parkert ved bommen. Ein snartur bortom Maurvangen skaffar oss dopapir, ein rull innpakka i brødpose for fem kroner, og alt er i orden for å kome seg av garde.

Kodak set i gang med pulktrekking med liv og lyst, og er utruleg glad for å få koma på tur. Pulken er tungt lasta, men Kodak berre kosar seg. Vi følgjer vegen oppover til Vargebakkane, og der tek vi av mot foten av Knutshøe. Det er fint føre innover, og sola skin frå klår himmel. På sørsida av Knutshøe går vi mot bjørkeskogen i fjellsida. Snøen er djup, og det er vanskeleg å trekkje pulk for den firføtte når han nesten blir borte i snøen, det blir meir svømming enn trekking. Øyvind og Kodak strever seg oppover eit stykke, før det blir såpass bratt at Kodak ikkje har sjans til å få med seg pulken lenger. Han blir løyst frå draget, og turen vidare oppover får han gå laus. Det er tydeleg strevsomt nok det. Pulken blir trekt opp ved eigen hjelp, og med all snøen er det faktisk ei utfordring å kome seg oppover. Vi går rett til botten.

Etter ei god stund er vi oppe på ryggen. Øyvind er sveitt, Kodak er sliten etter kavinga, eg er gravid i femte månad, sola skin og går etterkvart ned bak Høgdebrotet, og vi fortsett eit stykke til. Etter ei stund finn vi ut at teltet skal opp, og vi finn ein fin leirplass. I mangel på stein går ein liten pyntevarde dukken og steinen blir brukt til å få teltet til å stå, saman med ski, stavar og stein, og ei isøks vi har med er også praktisk. Teltet står, så lengje det ikkje blir stri vind. Det ser ut til at vi har barrikadert oss og sett opp nødbluss rundt teltet, men ein må jo berre bruke det ein har tilgang på for å få ståande tak over hovudet!

Vi har til og med frakta med oss reinskinn i pulken, det er ingenting som å ha eit godt reinskinn oppå liggeunderlaga på vintertur! Med Kodak i vant positur i fotenden blir det middag og smågodt.

Laurdag morgon skin sola inn i teltet. Kodak vaknar plutseleg og styrtar fram i teltet og krabbar inntil meg. Han skjelv på innpust og stikk hovudet ned i soveposen og inntil meg. Dette er slettes ikkje daglegdags, men vi reknar med at han rett og slett frys. Han har vore gjennom ei solid periode med røyting, og natta har vore kald. Vi er ute ein tur ved halv sju-sju-tida, og han blir ikkje med inn i teltet att, han får trakke ute som han vil. Når vi står opp eit par-tre timar seinare, ser vi mykje pels liggje att oppå ein stor stein - han har teke morgonstunda i sola,  steinen verkar som borrelås på ulla, og han er superglad når vi står opp og i fin form.

Med gårdagen friskt i minne sender Kodak eit tydeleg skeptisk blikk på selen og ikkje minst den ferdigpakka pulken i det vi skal gå vidare bortover Knutshøe. Men han slepp å trekkje enda, vi tek berre sikte på toppen og nedatt. Leiren er pakka og får stå og vente ei stund til vi er attende. Det går oppover og nedover i snø og over stein, og sjølv om sola skin, blir det kaldt når vinden tek til å blåse nokså stritt. Det blir etterkvart ein utruleg fin utsikt vestover i Jotunheimen, men det reiser seg ein vegg av eit anna værdrag lengst vest.

Noko snø opp bratta mot toppen er det, men det går greitt. På toppen blir det kakuskive og sjokolade i stri blåst, og så ser vi ein blå luftballong som stig oppover over Besseggen. Det var litt rart, og litt artig å sjå ein blå ballong i fjellheimen.

Til tross for vinden står ski og anna utstyr faktisk nokonlunde der dei sto da vi gjekk. Ei lita stund med Gjende-kjeks før vi vender nasen nedover att - i det eg lettar på rumpa fyk liggeunderlaget til Øyvind avstad. Med Kodak og Øyvind spurtande etter til ingen nytte seglar underlaget avstad og over kanten, og blir borte. Det har vore med i mange år og har absolutt affeksjonsverdi, så dersom nokon ein dag finn att eit tjukt grått underlag i Leirungsdalen så er det nok Øyvind sitt og han blir glad for å få det attende!