lørdag 5. september 2009

Vågakallen

Det er ein grå morgon i Henningsvær når vi køyrer avstad denne formiddagen. Vi parkerar bilen ved Djupfjorden, og følgjer stigen innover. Det er kvasse tindar og bratte fjellveggar på båe sider innover dalen, og etterkvart blir det masse blåbær. Blåbær smakar aldri så godt som når ein et ho rett frå lyngen på tur! Og så må ein berre satse på at turfølgjet seier frå når ein er så blå i andletet at ein bør ta seg ein vask eller stoppe inntaket - eller konsenterere seg meir om å halde bæra rett i munnen.

Vi svingar inn på ein stig som går til høgra opp bratta, og turen går i bjørkeskog og stein oppover lia. Eit stykke opp i lia får eg sjå at Kodak værar noko - og på andre sida av dalen vi følgjer oppover står ei elgku med kalv, heilt stille og stirrer over til oss. Den kan ikkje vera nokon spøk å vera langbeint elg i dette terrenget! Dei står lengje og ser på oss, og vandrar etterkvart vidare. Godt beite har dei her, og vi reknar med at dei er nokså åleine om det også.

Vi skal opp på bandet mellom Festvågtinden og Vågakallen, og turen vidare går gjennom ei bratt renne. Noko klyving må til, og Kodak er langt tøffare enn meg. Somme gonger lurer vi på korleis han kjem seg opp, han er ein mesterhund i å kome seg både opp og ned i bratt lende.


Skodda heng tung over toppane, og vi veit ikkje om det blir topptur på oss. Vi satsar på at skodda vil lette etterkvart, så vi fortsett å gå. Frå oppe på bandet går det lett vidare bortover lia på andre sida, før vi tek til venstre til ei lang renne der stigen går i sand og grus oppover. Når vi kjem lenger opp lettar skodda, og vi bestemmer oss for å ta turen til toppen. Kodak får stå att, vi finn ein fin plass til han og han får eit bein, og medan vi sikrar oss over eit noko utsett parti på vegen vidare, står han eksemplarisk att.

Turen vidare mot toppen går fint. Noko klyving, og etter ei stund står vi på toppen av Vågakallen i høgt skydekke og ei fantastisk utsikt. Vi er åleine på toppen denne dagen, og det er artig å koma til topps!

Turen nedatt går nokså raskt. Etterkvart ser vi ein svart og kvit dott som står langt der nede, utan å klage noko som helst. Matmor er stolt over Kodak'en, og vi hadde sikkert fått han med til toppen også dersom vi hadde prøvd. Nede att frå toppen er det som om skodda igjen tettar att det øvre sjiktet av fjellheimen rundt oss, med andre ord: Vi trefte akkurat den vesle delen av dagen da skodda letna.

Vi drøymer om pizza på klatrekafeen medan vi trakkar oss nedover att. Da vi er attende ved bilen er klokka over ti om kvelden, og håpet om pizza går dukken i det dama bak disken seier at det er berre fiske- eller gulasjsuppe på menyen så seint på kveld. Ein halvtime for seint ute til pizza, men fiskesuppa er kjempegod og set ein bra sluttstrek for ein finfin turdag. Og ikkje minst - vi får ta med Kodak'en på rommet på klatrekafeen, kjempebra!