mandag 22. juni 2009

Smørstabbtindane

Det er torsdag ettermiddag, vi har pakka og turen går frå Rendalen til Vågå. Ein snartur innom hjå mor i Vågå gjev oss ein god middag før turen går vidare vestover. Bilen blir parkert ved Krossbu, og vi konstaterer, både stolte og litt forundra, at vi kom oss i veg torsdag kveld slik vi hadde planlagt. Over nokre brødskiver kan vi også konstatere at det er pulkføre og vi er fornøygde med oss sjølve fordi vi tok den med. Det er 14. mai, og vi har tenkt oss opp til Smørstabbtindane.

Turen går opp Leirbreen til foten av Kalven, og i kastevind set vi opp teltet. Solnedgangen varer lengje, det lyser i raudt, oransje og rosa i vest, og vi veit at været er spådd bra dagen etter.

Og når fredag morgon kjem, har værmeldinga slått til, himmelen er fri for skyer, og lysta er stor til å ut og opp. Vi går lett opp til Kalven, og med god utsikt ned til Leirbreen ser vi at vi ikkje er dei einaste på tur denne fredagen. Vi følgjer ryggen frå Kalven bortover mot Skeie greitt.

Der ryggen møter Skeie pakkar vi fram seler, tau og sikringsutstyr, og byrjar turen opp til toppen. Midtvegs er det kjekspause, og med lite klatreerfaring er eg fornøygd med at klivinga opp går bra. Sjølv om eg opp mot toppen strevar vel og lengje med å kome meg opp over ein knaus og føler at eg har stranda midt i ei ugjennomtrengeleg steinbarriere (noko som sjølvsagt ikkje er tilfelle), og at eg er litt skjelven når eg kjem til topps. Men vi er på toppen - eg også!

Vi fortset eit stykke bortover ryggen mot Skeia sitt andre toppunkt, før vi tek turen nedover nordsida, nokså bratt ned att til Leirbreen, og følgjer denne attende til leiren. Middagen er utruleg god denne kvelden!

Laurdag morgon er meir ruskete. Vi pakkar leiren, og går over Leirbreen til foten av høgde 2077, der vi set att sekker, pulk og ski i eit vindhol der vinden gjer det vanskeleg å gå på do og der det bles snø inn i fjellskoa før vi får dei på. Så går vi langs breen og tek sikte på Saksa. Ein bresprekk gjer at vi svingar lenger ned på breen, og det er greitt å gå i tau.
Turen opp til Saksa går via snørenna, og sjølv om mange har gått der før oss utan stegjern, tek vi dei på. Bratt opp, og utsikta frå toppen er påklageleg med skodde som senker seg og skjuler det meste av fjellheimen ikring. Men innimellom skimtar vi at det er noko der utanfor skoddeheimen, og så får vi ha resten av utsikta til gode. Vi går same vegen attende, og går også opp på høgde 2077 med ein forrykande vind, og til sist Kniven, med utsikt rett bort på Store Smørstabbtinden. Som får bli målet kanskje neste gong vi tek turen hit.


Så går turen ned til att til bygda, og kanskje hugsar eg solfaktor høgare enn ti på neste vårtur til Smørstabbtindane.