onsdag 1. juli 2009

Padletur i Sølna

Dersom ein ikkje er kjent i området er kanskje ikkje Rendalen det ein fyrst tenkjer på når ein skal finne helgas turmål - men Sør-Norge si største kommune (i areal) er vel verdt ein helgetur! Er ein på utkikk etter tilnærma urøyrt natur og område med lite tilrettelagt friluftsliv, så er sjansene store for at ein kan få seg ei helg med fine naturopplevingar.



Så vi bestemte oss for ei Rendals-helg i midten av juni. Når ein bur i Rendalen finn ein seg alltids eit turmål dersom ein ei helg ikkje har lyst til å køyre så altfor langt. Vi køyrde til grenda Unset der vi fekk leige kano på Romenstad Hytter og Gardsferie. Turen gjennom kulturlandskapet i Unset gjev ein fin start på turen, som fortsette opp fjellvegen austover i retning dei mange setergrendene i Sølendalen. Vi køyrde to bilar, og køyrde fyrst sørover til Sølenkroken, parkerte ein bil der, og køyrde attende med bil og kano til brua over Sølna ved Storlegda.

Turfølgjet vårt, Kodak, hadde ikkje vore i kano før, så vi drog kanoen nedover elva eit stykke til vi fann eit rolegare parti. Etter nokre hundre meter, og som eit resultat av ei lang tankerekke basert på fantasifulle funderingar om korvidt ein kan få rabies dersom ein blir bitt av ein bever, og om kor fort ein i tilfelle bitt da kunne kome seg i bilen og ned til bygda (det er utruleg kva tankane flyg i friluft!), kom eg plutseleg på at bilnøklane til bilen ved Sølenkroken låg i bilen vi nettopp hadde forlatt. Det hadde vorte ein lang tur nordover att for å hente nøklar. Tankerekka sprang vel ut av dei mange spora etter bever som ein finn langs heile vassdraget. Ein springetur eit stykke attende til bilen, bilnøklane vel forvart i lomma, og vi pakka oss ut i kanoen. Det synte seg fort at bekymringane om Kodak kom til å roe seg i kanoen var grunnlause. Kanotur var heilt tydeleg eit bra alternativ til å gå sjølv, med nye lukter og rare ting å sjå på rundt kvar sving.




Det var spådd tungt vær heile helga. Det småregna og var tungt og grått heile fredagskvelden. Sølna buktar seg gjennom landskapet, stort sett i rolege former, innimellom nokre mindre stryk som i det store og heile er uproblematiske å passere. Fiskestonga var ute fleire stader i elva, og gjedda var også på kroken ein rask tur, men vi fekk ho aldri så langt som opp i kanoen, sjølv om ho plaska rundt inni sivet og heilt tydeleg var til stades. Fiskelykka derimot var vel ikkje riktig til stades.




Kvelden var ikkje heilt ung da vi fann ein fin furumo og slo opp telt og presenning for natta. Det vart bålkos og middag og til slutt ei god natts søvn. Ein søv aldri så godt som på ein god teltplass! Laurdagen kom utan regn. Utpå formiddagen rydda vi leir og turen gjekk vidare sørover Sølna. I eit tjern ved grensa til Lille Sølensjø naturreservat beit ein abbor faktisk på kroken, og i motsetnad til gjedda fekk vi den opp i kanoen. Men den var i grunn svinnande liten, og beinete også, så gleda over fangsten var ikkje langvarig.



Turen gjekk over Lille Sølensjø, og vi tok kvelden i ei ope bu på austsida av Sølna, litt nedanfor der ho renn ut av sjøen. Eit par briskar, eit bord og ein vedomn midt i rommet - eit triveleg alternativ til telt! Det er fint å ha moglegheita til å bruke opne buer, og denne var nok ikkje av dei mest brukte - i hvertfall ikkje dersom ein skulle rekne etter hytteboka. Så ligg ho da også relativt utilgjengeleg til, og er nok like lett å nå frå Sømådalen i nabokommunen i aust, Engerdal, som frå Rendalssida.




Sundag var det ein kort tur ned til Sølenkroken. Bilen ved Storlegda vart henta, kanoen kunne fraktast berre på denne bilen, og dermed vart det noko ekstra køyring - vi måtte farte noko fram og attende for å få med ned att bilar og kano. Etter ein del køyring att og fram, gjekk turen attende ned i Rendalen.




Turen, slik vi la den opp, krev litt logistikk, og er ein veldig fin padletur i eit område som ikkje er nedrent av tilreisande. Rendalen fortener absolutt fleire besøk av turglade folk!

3 kommentarer:

  1. Hei!

    Fint å lese tur-skildringa di! Jeg sitter her og vurderer å gjøre akkurat den samme turen - enten med kano sammen med en venn eller alene med meg selv i packraft (se www.packrafting.com) :)

    Jeg lurer på hvor lang tid dere brukte på turen/hva som er fint å bruke av tid (en kan jo ta noen fotturer innimellom med utgangspunkt i leirplassene)? Langs Sølna er vel distansen på i underkant av 2 mil ... Hvis jeg drar alene - er det såpass biltrafikk i området at det skulle være mulig å få seg haik fra Sølenkroken og opp igjen til utgangspunktet ved brua over Sølna ved Storlegda? Og forresten - når på året var det dere tok turen?

    Vennlig hilsen Knut Laasbye, Lillehammer - tlf. 41410490

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei!

      Nå er det jammen nesten fem år sidan denne turen, og eg kan ikkje hugse akkurat kor lang tid vi brukte, men eg hugsar at sjølve padlinga gjekk raskare enn vi hadde trudd. Nå hadde vi to overnattingar for å strekkje turen gjennom helga, men padlinga utan overnatting kan ein gjera på ein dag. Turen frå bua vi overnatta og fram til Sølenkroken sundag føremiddag gjekk fort. Det er best flyt når det er større vassføring, naturlegvis, det burde ikkje vera mindre vatn enn vi hadde. Lettast å gjera på forsommaren, med andre ord, vi var avgarde i slutten av juni.

      Sølna er som du seier eit fint utgangspunkt for å ta avstikkarar, så området byr i alle tilfelle inn til å gjera dette til meir enn ein dagstur.

      Det er ikkje mykje biltrafikk i området, men du kan sjølvsagt vera heldig. Det er jo noko setrer her, men relativt lite tilreisande. Dersom du ikkje har hastverk går det sikkert an å ta sjansen på skyss!

      God tur!

      Slett
    2. Takk for det, Anne Silje! Da blir jeg nok å finne oppi der etter hvert :) Og turen opp igjen til brua lar det seg vel gjøre å gå til fots med packraften på sekken. Ha en fin sommer, dere også!

      Vennlig hilsen Knut Laasbye

      Slett